Dette er sett på spissen, men om ein kan sleppe å betala attende gjeld med renter til staten på investeringar til utstyr og nybygg så hadde ein ikkje gått i underskot.
Ingen er jo overraska over at Helse Førde no lyt kutte og sentralisere tilbod i føretaket. Budsjettsprekken er me alle velinformert om gjennom media. Eg får jo vita ein del meir som tillitsvald i ambulansen, og eg tenkjer me alle no må stå opp for kortreist helse. Politikarane lyt visa handlekraft og redde oss frå desse kutta. Me skal ikkje tene pengar på helse. Me skal tene pengar på at folk skal få den behandlinga dei treng og halde seg i arbeid slik at dei soleis er ein del av verdiskapinga i landet vårt.
Så skal ein ikkje undervurdere den ekstra belastninga lang reiseveg påfører kronisk sjuke pasientar. Dette ser eg på nært hald i jobben min. Tilboda bør tvert imot desentraliserast, og meir av behandlinga bør skje i nærleiken av pasienten.
Lærdal sjukehus er ein god stad å vera. Her har dei tid til deg, og ein føler seg verdsett. Utan at eg kan dokumentere påstanden min, vil eg sei at dette forkortar sjukdomsforløpet. Det er ikkje berre ein gong eg har høyrt setninga «håpar eg slepp til Førde». Dette er ikkje for at Førde gjer ein dårleg jobb, men fordi transportetappen er utmattande for eit menneske som er sjuk.
Eg kjenner ikkje så godt til sjukehuset på Nordfjordeid, men eg vil tru at opplevingane der oppe kan samanliknast med Lærdal.
Å bera fram og føde eit born er eit stort ansvar og kan gje mykje bekymring for den det gjeld. Me er alle ulike, men eg veit av personleg erfaring at barselavdelinga i Lærdal er ein god stad å vera. Her blir ein godt ivareteken, og det nye tilværet der ein går td frå å vera to til tre er ein stor forandring i livet. Etter at fødselen er over, kan det vera godt å få kome til «God start» for å late alt falle inn og få hjelp til alt ein lurar på. Den kompetansen og omsorga dei sit med på disse avdelingane kan ikkje målast i pengar.
Eg ventar sjølv mitt tredje born, så ein kjenner sjølvsagt ekstra på dette. Ein blir redd for at kompetansen forsvinn frå oss, då alle ikkje kan eller vil køyre land og strand til jobb. Desse menneska møter eg ofte, og det er òg trygt og godt for oss som skal frakte denne verdifulle lasta til fødeavdelingane.
I skrivande stund sit eg og les på Firda at nokre tilsette ikkje er møtt på jobb i dag av den grunn at dei tykkjer det er krevjande med dei signala som kom i går. Det syner kor viktig lokalsjukehuset vårt er for samfunnet.
Det er jo beredskap me snakkar om i høgste grad. Beredskap kostar mykje. Me skal ha folk med full løn på vent for dei som plutseleg skulle trenge oss. Den prisen lyt me berre betale for at dei gode menneska rundt oss skal få lov til å bu grisgrendt i dette langstrekte landet.
Me lyt tole at ein ambulanse sit uverksam ute på eit nes i påvente av at nokon treng dei. Sånn er det å bu i Noreg. Og det er difor me elskar bygdene våre, og kan halde fram våre gode liv her.
No går vår bøn til dei fokevalte. No har de ein moglegheit til å få ein pangstart i sitt nye virke på Stortinget med å stoppe desse kutta.