Fredag kom beskjeden som berre måtte komma. Etter to strake valnederlag varsla Erna Solberg at ho kjem til å gå av som leiar i Høgre.

Dermed er ein epoke over i norsk politikk. Erna Solberg kjem til å verta nemnd i same andedrag som Kåre Willoch når historikarane skal peika på dei største skikkelsane på høgresida i norsk politikk.

Det er ikkje først og fremst som stemmesankar for Høgre Erna Solberg kjem til å verta hugsa.

Gardermoen  20250912. 
Erna Solberg går av som partileder under Høyres sentralstyremøte fredag. 
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Erna Solberg stod åleine på podiet då ho takka for seg. Det er likevel som ein borgarleg lagbyggar Solberg kjem til å verta hugsa.
Foto: Gorm Kallestad

På det feltet er nemleg nedturane fleire enn oppturane. I løpet av 22 år som gallionsfigur for Høgre gjekk Solberg nemleg på fire sviande valnederlag. Faktisk har ho hatt ansvaret for to av dei tre svakaste valresultata til partiet etter krigen.

«Berre» to gongar kunne ho feira triumf.

Grunnen til at Erna Solberg likevel må reknast blant dei store i norsk politikk, uavhengig av parti, var at ho greidde å omsetta valsigrar i eit borgarleg samarbeid som stod seg i åtte samanhengande år.

Det greidde aldri Kåre Willoch.

Det finst nemleg eit uttrykk på borgarleg samarbeid som har festa seg i det norske språket. Me snakkar sjølvsagt om «sprikane staur», som var tidlegare statsminister Per Borten sin karakteristikk av korleis det var å halda kontroll på motstridande interesser i ei borgarleg firepartiregjering.

Ingen har sjonglert staur som Erna Solberg. Det er heller ingen Høgre-leiarar som har flytta partiet lengre til sentrum i norsk politikk.

Om høgresida er interessert i å læra av Solberg-æraen, bør dei festa seg med eit viktig poeng:

Ein borgarleg valsiger har aldri komme av seg sjølv. Faktisk må høgresida greia det ekstraordinære om dei skal vinna val.

Historia viser nemleg at den norske høgresida er avhengig av minst tre premiss for å vinna regjeringsmakt:

  • Høgre må vera størst på borgarleg side, og ha ei oppslutning på minst 22 prosent.
  • Framstegspartiet må ikkje vera for store. Høgresida har nemleg aldri vunne valet om Frp har ei oppslutning på meir enn 17 prosent.
  • Både Venstre og Kristeleg folkeparti må over sperregrensa.

I årets Stortingsval slo ingen av desse kriteria til. Dei tre premissane heng nemleg tett saman.

Sjølv om det mest utslagsgjevande for valresultatet var at Venstre droppa under sperregrensa, snakkar me om ein dominoeffekt:

  • At landet kunne få ei sterkt Frp-dominert regjering førte til at dei minst borgarlege Venstre-veljarane flykta over den politiske midtstreken til Arbeidarpartiet eller Miljøpartiet Dei Grøne.
  • At Høgre lukta på 14-talet og var milevis unna å vera størst på borgarleg side førte òg truleg til at færre liberale høgreveljarar i Oslo, Asker og Bærum gav ei sympatistemme for å få Venstre over sperregrensa.
  • At Arbeidarpartiet gjennom heile valkampen kunne mala Sylvi Listhaug på veggen, førte til at partiet for første gong sidan 2009 opplevde framgang i oppslutning frå eit val til neste.

Erna Solberg såg kva som var i ferd med å skje. Med vel ei veke igjen til valdagen braut høgreleiaren med det som tidlegare hadde vore hennar viktigaste suksessoppskrift, nemleg å ikkje gå ut mot vennane sine på borgarleg side.

Oslo 20250831. 
Leder i Fremskrittspartiet (Frp) Sylvi Listhaug under pausen i TV2s partilederdebatt på Carls i Oslo.
Foto: Javad Parsa / NTB

Sylvi Listhaug (Frp) nekta å sleppa Erna Solberg fram i lyset i valkampinnspurten.
Foto: Javad Parsa

Erna Solberg hadde sjølvsagt rett. Om det skulle verta borgarleg valsiger måtte Framstegspartiet og Sylvi Listhaug ha forsaka litt av sitt eige momentum, og peikt på Erna Solberg som sin statsministerkandidat.

For at det skulle verta borgarleg regjering måtte Høgre ha tetta noko av gapet til Framstegspartiet, noko som igjen kunne gitt liberale sentrumsveljarar litt meir tru på det borgarlege prosjektet.

Tre gongar har det nemleg skjedd at Framstegspartiet har fått over 20 prosent i eit Stortingsval. Kvar einaste gong har Arbeidarpartiet hatt framgang frå valet før. Ja, det er faktisk dei einaste tre gongane sidan 90-talet at Ap har greidd å veksa!

Kvar einaste gong har høgresida vorte dømt til fire år i opposisjon.

Litt av forklaringa finn me i tala til Norsk medborgarpanel ved Universitetet i Bergen. Framstegspartiet er nemleg det partiet som splittar det norske folket aller mest. Samla sett er veljarane til sentrumsparti som Venstre, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne langt meir begeistra for Arbeidarpartiet enn for Frp.

Liberale sentrumsveljarar flyktar om Frp vert for dominerande.

Då Erna Solberg tok bladet frå munnen var det kanskje uansett for seint. Store delar av veljarane hadde då allereie bestemt seg.

At Erna Solberg venta så lenge med å ta oppgjeret med Listhaug seier litt om hennar viktigaste bidrag til norsk politikk. Nemleg å vera politikaren som greidde balansekunsten i å foreina grøne liberalarar frå Venstre, verdikonservative frå KrF og ei salig blanding av populistar og liberalistar i Frp.

Gjennom åtte år i regjering, greidde ho å halda denne koalisjonen samla. Sjølv då Knut Arild Hareide prøvde å sprenga den borgarlege idyllen gjennom retningsvalet til KrF, valde medlemmane i KrF Solberg framfor Hareide.

Oslo  20181102.
Kjell Ingolf Ropstad, Erna Solberg (H) og KrF-leder Knut Arild Hareide før partilederdebatten på NRK fredag kveld.
Foto: Terje Pedersen / NTB

Knut Arild Hareide (KrF) prøvde seg på eit heilhjarta angrep på Erna Solberg sin store kongstanke. På hengande håret overlevde det borgarlege samarbeidet myteriforsøket frå bømlingen.
Foto: Terje Pedersen

Den som skal etterfølga Erna Solberg kjem verkeleg til å få noko å bryna seg på.

Eit rekordstort Frp skal dei neste fire åra gjera det dei kan aller best i norsk politikk, nemleg å sitta i opposisjon.

Med draghjelp frå den nye høgrebølga, som ikkje er noko blårussbølge, men ei bølge som spelar på langt meir folkelege strenger, vil Høgre få ein stri jobb med å tøyla Frp.

Dersom Høgre fell for freistinga om at dei òg skal ri den nye høgrebølga kan det gå verkeleg ille. Valresultatet viser nemleg at motreaksjonen mot høgrebølga er om lag like sterk i det norske folket som sjølve bølga.

Alt tyder på at motsetninga mellom liberale og konservative veljarar vil verta ei viktigare skiljelinje i norsk politikk framover. Det er ingenting som tyder på at Høgre kan setta dei liberale veljarane på borgarleg side på spel.

Likevel skal ein ikkje verta overraska om Høgre justerer kursen noko. Mykje tyder på at høgre kan komma til å verta meir konservative i ruspolitikken, meir skeptiske til innvandring, meir restriktive til offentleg pengebruk, og endå meir opphengt i ei tøffare linje når det gjeld kriminalitet.

Likevel skal Høgre passa seg. Både fordi dei kan framstå som ein light-versjon av Frp, men òg fordi konservative grep kan straffa seg i den andre enden.

Den aller viktigaste bragda til Solberg var uansett å halda seg inne med Venstre og Kristeleg folkeparti i sentrum. At nettopp KrF er på glideflukt vekk frå sine meir liberale standpunkt, og reindyrkar seg som eit tydelegare konservativt høgreparti, vil truleg stilla endå større krav til Høgre når det gjeld å behalda ryktet som eit liberalt parti, sjølv om partiet har mista veljarar til Frp.

Om høgresida vil læra noko av Erna Solberg, må det vera at nokon borgarleg valsiger aldri har komme av seg sjølv.

Gardermoen  20250912. 
Henrik Asheim, Tina Bru, Peter Christian Frølich, Ine Marie Eriksen Søreide og Sandra Bruflot i forbindelse med en pressekonferanse. Erna Solberg gjorde det kjent at hun går av som partileder under Høyres sentralstyremøte fredag. 
Foto: Terje Pedersen / NTB

Peter Christian Frølich kjem ganske sikkert til å verta ein sentral fyr i leiinga i Høgre. Om Ine Marie Eriksen Søreide skulle takka nei til å verta ny høgreleiar, er han ein heit kandidat for toppjobben.
Foto: Terje Pedersen

At Erna Solberg greidde å ta Framstegspartiet inn i regjeringsvarmen, men samtidig greidde å halda på gunsten hjå sentrumspartia – og veljarane deira – gjennom åtte år, er den største endringa i norsk politikk på mange tiår.

Om høgresida skal vinna neste val, tyder alt på at Høgre må finna seg ein ny pragmatisk lagbyggar.

Om fire år er sjansen uansett stor for at statistikk og rekordar står for fall.

Premissane for borgarleg valsiger er nemleg ikkje skrivne i stein.

Men: Om ikkje Høgre greier å balansera høgresida i norsk politikk, men på ny trur at ein borgarleg valsiger kan komma av seg sjølv, kan Arbeidarpartiet greia det som ikkje har skjedd sidan Gerhardsen, nemleg vinna tre strake val.