Helse Førde vil leggja ned ortopedisk avdeling og barselavdelinga på Lærdal sjukehus. Me i ungdomsråda i Luster, Årdal, Sogndal, Lærdal, Vik og Aurland er sterkt imot dette.

Dette handlar ikkje berre om ei avdeling. Det handlar om tryggleika til folk, om beredskap, om arbeidsplassar og om framtida vår som unge her i regionen. Lærdal sjukehus har i mange år vore ein trygg stad for heile Indre Sogn, og ortopedien er ein viktig del av det. Skadar og brot skjer kvar dag, både på jobb, i idrett og i fritid. Då treng me behandling raskt. Om alt skal flyttast til Førde, blir reisevegane lange, og sjansen for at folk ikkje får hjelpa dei treng tidsnok blir større.

Foto: UROA: Jonas Aasen Engbø, nestleiar i ungdomsrådet i Sogndal kommune. Medlemmane er uroa for framtida til sjukehuset.

I verstefall kan opp mot 50 arbeidsplassar forsvinna. For ein liten kommune som Lærdal er det mykje. Sjukehuset gir arbeidsplassar til mange, og om folk som jobbar der må slutta, råkar det heile bygda og regionen vår. Samstundes veit me at når ein fyrst kuttar ein avdeling, er faren stor for at det ikkje stoppar der. Då kan dette bli starten på slutten for sjukehuset i Lærdal.

Me unge er uroa. Dette handlar om framtida vår. Skal me bu her, stifta familie og ha tryggleik rundt oss, må me ha eit sjukehus som fungera. Dersom sjukehuset blir bygd ned, blir det vanskelegare å sjå for seg ei framtid her i Indre Sogn.

Difor krev me:

1. At Helse Førde trekkjer forslaget om å leggja ned ortopedisk avdeling i Lærdal

2. At det vert gjennomført reelle og opne drøftingar med kommunane, fagmiljøa og innbyggjarane før ein vurderer kutt som råkar så breitt

3. At styret i Helse Førde ser på andre måtar å spara pengar på som ikkje fjernar viktige fagmiljø og arbeidsplassar i distrikta

Me ber styret i Helse Førde og helseministaren om å ta ansvar. Behald ortopedien & barselavdelinga i Lærdal. For framtida til sjukehuset. For tryggleiken til pasientane. Og for framtida til oss unge som skal bu, leva og arbeida i Indre Sogn.

Med helsing

Ungdomsråda i Indre Sogn som ynskjer helseministaren velkommen til Sogn & Lærdal