Like før klokka 11 søndag melder Vegtrafikksentralen at rv. 5 Frudalstunnelen er stengd etter ei trafikkulukke.

Politiet opplyser at det er ein front mot front-kollisjon, cirka 2 kilometer inn i tunnelen frå fjærlandssida.

– Det skal vera ein bubil og ein bil som har kollidert. Naudetatar er på utrykking på veg mot staden, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen.

Politipatruljen er framme på staden klokka 11.05, og operasjonssentralen har fått opplyst at ein bubil ligg på sida. Ein person inne i bilen er vaken, ein har kome seg ut av bubilen. Luftambulanse var også på veg, men vart deretter sett på vent.

– Alle involverte personar er vakne og oppegåande. Ei kvinne er kald og har behov for ambulanse. Begge bilane er utanlandske, opplyser Knappen.

Totalt tre personar er involverte i ulykka etter det politiet kjenner til no.

I tillegg var ein hund sakna frå staden. Hunden skal ha sprunge avgarde i retning Fjærland, men klokka 11.30 var hunden komen til rette.

Til sjukehus

Litt over klokka 12 opplyser Knappen til Sogn Avis at to personar blir sende til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

– Personen i personbilen framstår som uskadd. Kvinna i bubilen skal vera noko skadd, medan mannen er oppegåande, seier Knappen.

Ho legg til at det først kunne verka som ei alvorleg ulukke då dei første meldingane kom.

– Det har vore litt krefter i sving når ein bubil hamnar på sida, seier Knappen.

Begge bilane må fjernast av bilbergar, og dei var i 12-tida framleis eit stykke unna. Det har byrja å hopa seg opp med køar utanfor tunnelane.

Les meir om: artikkelemnene