Klokka 10:55 meldte Tatjana Knappen, operasjonsleiar i politiet, om ein front mot front kollisjon mellom ein bubil og ein passasjerbil omtrent 2 km inn i tunnelen frå Fjærlandssida. Operasjonssentralen har fått opplyst at bubilen ligg på sida, og at begge bilane er utanlandske.
Involverte frakta til sjukehus
Politiet melder at luftambulanse tidleg vart kalla ut, men ettersom naudetatane er framme på staden, avventar denne.
Det er meldt at alle involverte personar er oppegåande. To av dei tre vert køyrd til Førde sentralsjukehus.
– Det ser ut til at det er totalt tre personar involverte i ulykka. I tillegg til ein hund som tidlegare var sakna frå staden, men som no har kome til rette, opplyser Knappen.
Vegen er stengd
Like etter klokka 12 opplyser politiet om dei framleis jobbar på staden, og at bergingsbilar er på veg.
– Det har blitt ein del køar på begge sider av tunnelen, og vegen vil vere stengt i ein god periode, opplyser Knappen.
Firda oppdaterer saka.
Les meir om: artikkelemnene