Etter 20 år som produktutviklar hos Laerdal Medical bestemte Sigmund Høien (52) seg for å gjere noko nytt.

Han sat seg på skulebenken, omskolerte seg til realfagslærar og fekk jobb på St. Olavs videregående skole i Stavanger.

Sidan ungdommen har han hatt ein liten draum om å utvikle eigne spel på fritida.

I 2023 realiserte han denne draumen med gåtespelet Pure Logic, og i sommar landa draumeprosjekt nummer to på Steam: Mirrors of Epiphany.

Det har ikkje gått heilt slik han såg for seg.

– Eg har selt forbausande lite. Det er overraskande, seier han.

Flopp – utan at det gjer noko

Pure Logic selde rundt i underkant av 2700 eksemplar.

Høien har gitt Gamer.no fullt innsyn i korleis det faktisk har gått med det minimalistiske gåtespelet om logiske portar.

Det er heller sjeldan at utviklarar er opne om dette.

Spelet lanserte 24. april 2023. 1827 personar hadde det på si Steam-ønskeliste, og per dags dato har han selt 2658 eksemplar.

Ein stor andel av kjøparane har hatt spelet på si ønskeliste, men ønskelista har likevel vakse til 3471.

Det er klart flest amerikanarar som har kjøpt spelet. Noreg ligg på ein 14. plass med heller slappe 41 sal.

Den norske prisen er 69 kroner. I snitt er meirverdiavgifta på tolv prosent blant landa det seljast i, og deretter tar Steam 30 prosent av kaka.

Mange av sala skjer også under kampanjar, og då gjerne til alt frå 50 til 70 prosent rabatt.

Til slutt skal Skatteetaten har sitt. Det er med andre ord ikkje all verda han sit igjen med.

Drahjelp av erfaring?

Pure Logic treff ein heller smal nisje, men i og med at han då var totalt ukjend, trudde Høien det ville bli lettare å nå ut med Mirrors of Epiphany.

Spelet handlar om å bruke speglar til å dirigere laserar og slik løyse oppgåver. Det er 100 nivå i spelet.

– Nokon skyr lærerike spel som pesten, men det er ein del nerdete typar som likar slikt, seier Høien.

Mirrors of Epiphany er eit enkelt gåtespel.

Foreløpig har det nye spelet, som lanserte i juli, selt under 100 eksemplar.

Faktisk er det snakk om knappe 62. Éitt sal er i Noreg.

Høien tar ikkje det så tungt. Han utviklar spel på hobbybasis, og har ikkje dei store kommersielle ambisjonane.

– Eg gjer dette fordi det er kjekt. Det er ingen krise, men eg trudde vel at dette skulle appellere til fleire enn Pure Logic gjorde.

– Utruleg gira

Me pratar på telefon mens han køyrer heim i rushet frå Stavanger til bustaden i Klepp, og engasjementet og lidenskapen hans for utviklinga er lett å høyre.

Refleksjonane rundt utviklinga fossar ut av han.

– Det er ingen økonomi i dette. Eg har fått inn nok til at eg må justere litt på sjølvmeldinga, men det er å vere lærar som er jobben min. Dette er for moro.

Høien tviler på at han nokosinne kan leve av dataspel, men det er heller ikkje noko ønske.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

To år har gått sidan lanseringa av Pure Logic, men han ser for seg ei betydeleg kortare utviklingstid for neste prosjekt.

Lista over idear på notatblokka er nemleg lang.

Med meir erfaring er neste runde lettare.

– Eg er utruleg gira på neste idé, så eg håper å lansere noko allereie på våren. Eg har så lyst å kome i gang med prosjekt nummer fire, og derfor kan ikkje det tredje spelet ta altfor lang tid, seier han.

Vanskeleg å nå ut

Det har ikkje blitt den heilt store marknadsføringsinnsatsen.

Tanken var at Mirrors of Epiphany skulle kome når det var klart, men det var spesielt ein tyskar i Discord-gruppa hans som ampa veldig på ein lanseringsdato.

I etterkant ser Høien at ei lansering midt i fellesferien kanskje ikkje var det aller luraste.

Berre 7,5 prosent har refundert Pure Logic på Steam. Det er lite. 17.5 prosent av spelarane har fullført heile spelet, og totalt har spelarar klokka inn 17.000 timar. Det syns Høien er veldig gøy.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Det var i alle fall slik det blei. Men tida går så enormt fort når ting skal ut. Eg gønna på ved starten av sommarferien, og dagane og vekene berre forsvann.

Spelet er ikkje heilt slik han vil ha det, så det kjem oppdateringar og moglegvis ei større omlegging til full 3D på sikt.

Usikker på vegen vidare

Den store oppgåva blir å velje ut kva idé han skal satse på for det tredje spelet.

– Eg har sjukt mange idear som eg brenn inne med. Det er vanskeleg å plukke ut det rette prosjektet blant desse.

Han har silt det ned til to-tre potensielle spel.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Med det første spelet var drivkrafta mi å få mitt eige spel på Steam, det har eg gjort, men no handlar det om å ha eit utløp for kreativiteten min. Det gir meg veldig mykje.

Han vil ikkje avsløre kva ideane handlar om heilt enno, men lovar at det blir både nerdete og lærerikt.

– Det er lite sannsynleg at eg får det heilt store gjennombrotet av dette, men det er gøy, og det er det viktigaste, seier han.