Eg har sjølv opplevd kor avgjerande barselavdelinga (God Start) i Lærdal er.

Då eg fekk mitt første barn i 2022, vart eg liggjande på Førde sjukehus den første natta. På eit overfylt og støyande firesengsrom med ein nyfødd baby, utan særleg oppfølging fordi jordmødrene var overarbeidde, vart det ei av dei tyngste opplevingane i mitt liv.

Dagen etter fekk vi plass på «God start» i Lærdal – og alt endra seg. Her møtte vi jordmødrer som hadde tid, omsorg og fagkunnskap. Vi fekk hjelp til amming, behandling for gulsott og støtte i den bratte overgangen til foreldrerolla.

Då eg fekk barn nummer to i 2024, var det ei stor tryggleik å vite at barselavdelinga i Lærdal var nær. Jordmor tok imot meg, undersøkte raskt og følgde meg vidare då eg måtte til Voss sjukehus. Det å ha ei erfaren jordmor ved mi side heile vegen gjorde at eg følte meg ivaretatt og trygg. Etter fødselen fekk vi igjen god oppfølging på barselavdelinga i Lærdal, med testar, råd og omsorg frå dyktige jordmødrer.

Å bli mor er både fysisk krevjande og følelsesmessig overveldande. Barseltilbodet i Lærdal gir tryggleik og helse til både mor og barn. Å leggje ned dette tilbodet vil vere eit alvorleg tap for heile regionen.

Eg ber Helse Førde, politikarar og helsemyndigheiter: Ta ansvar for kvinner, barn og familiar – behald God Start i Lærdal!