Saka samanfatta
- Studentar som ikkje fullfører ei grad, får no mindre av studielånet omgjort til stipend.
- Regelendringa kan koste studentar over 16 500 kroner.
- Frykta er at dei som tek årsstudium, enkeltemne eller byter studieretning, blir økonomisk straffa.
- Ein økonom seier at studentane kan kome til å kjenne dette på lommeboka.
- Regjeringa ønskjer å få fleire til å fullføre studia sine for å sikre kompetent arbeidskraft. Difor har dei endra på reglane.
– Du skal ikkje straffe studentar som vil ha meir kompetanse, meiner Ada Margrethe Seim.
Ho er leiar for studentdemokratiet ved Universitetet i Søraust-Noreg og representerer 17.000 studentar.
Nå vil nemleg studentar som ikkje fullfører grada dei starta på, tar eit årsstudium eller berre nokre fag, få mindre av studielånet sitt gjort om til stipend.
Ada Margrethe Seim er ute og snakkar med studentar i Porsgrunn om regelendringa.
Foto: Martin Torstveit / NRK
Seim er bekymra for at fleire studentar vil sitje igjen med meir studiegjeld enn dei ville gjort med den gamle ordninga.
– Dette vil gå hardt utover studentar som har lyst til å ta etterutdanning, enkeltemne eller eit årsstudium, seier ho.
Lønner seg å fullføre grada
I dag får ein heiltidsstudent 166.859 kroner i året.
Inntil 40 prosent av studielånet kan gjerast til stipend.
Tidlegare blei 25 prosent gjort om for studiepoeng ein hadde bestått, mens 15 prosent er for å ha fullført grada.
Denne hausten har Lånekassen snudd om på denne fordelinga.
Det betyr at om du droppar du ut av grada, tar eit årsstudium eller enkeltemne, får du nå berre 15 prosent av lånet gjort om til stipend.
Om du vel å ta eit årsstudium eller hoppe av studiet etter eitt år, vil det nå koste 16.686 kroner meir enn med den gamle regelen.
Kan blei enda dyrare
– Grunntanken bak denne endringa er jo eigentleg god. At ein vil at folk skal stå løpet ut. Men det slår litt uheldig ut.
Økonom Lene Drange er kjent for mange via Luksusfellen på TV3.
Foto: Privat
Det seier økonom Lene Drange. Ho er ekspert på privatøkonomi.
– Det blir dyrare om du vel å berre studere eitt år eller teste eit studieløp. Da kan det hende at fleire droppar det, som kan vere uheldig for ei kompetanseheving på eit spesifikt felt.
Gjennomsnittleg nedbetalingstid på studielånet er 20 år. På grunn av rentene, vil den auka kostnaden bli enda større for studentane.
– Tar du berre eit årsstudium, så bør du prioritere å nedbetale det fortare enn på 20 år for å unngå litt renter. Med mindre du har bustadlån som ofte er dyrare. Da bør det prioriterast.
Studentbudsjett i minus
Med dagens studiestøtte går ein student i minus med 5450 kroner i månaden, ifølge eit studentbudsjett laga av Norsk studentorganisasjon.
– Studentar er allereie i ein økonomisk pressa situasjon, poengterer Seim.
Ada Margrethe Seim trur mange studentar ikkje har fått med seg regelendringa.
Foto: Martin Torstveit / NRK
Ho synest det er synd dersom lågare gjeld er motivasjonen for å fullføre ei grad, framfor at ein faktisk ønsker å jobbe med det ein studerer.
Studentar NRK snakka med på USN i Porsgrunn er skeptiske til den nye ordninga.
Celine Johnsen, sykepleiestudent
– Jeg syns jo det er dårlig lagt opp for de som prøver sitt aller beste, men ikke klarer eksamen. Eller for de som velger å bytte studie.
Altayyib Altayyib, elektroingeniørstudent
– Det er dumt at det blir dyrere å bytte retning hvis man for eksempel ikke liker studiet. Det er ganske høy rente og.
Vil at fleire fullfører
Endringa i stipendordninga er meint som eit insentiv for at studentane skal fullføre studia sine.
– Samfunnet treng kompetent arbeidskraft, men altfor mange studentar fell frå og fullfører ikkje studiane. Vi treng at fleire fullfører, og det må lønne seg å ta ei heil grad, seier statssekretær Eileen Fugelsnes (Ap) i Kunnskapsdepartementet.
Eileen Fugelsnes er statssekretær i Kunnskapsdepartementet for Arbeidarpartiet.
Foto: Kunnskapsdepartementet / NRK
Fugelsnes seier ho forstår at det kan vere krevjande å velje rett fag frå start og at det er mogleg å ombestemme seg undervegs.
– Det er det moglegheit for med dagens studiestøtteordning, som blir rekna som svært raus i internasjonal samanheng, seier Fugelsnes.
Hei!
Har du meninger om saken, eller vet om noe annet jeg burde skrive om? Send meg gjerne en e-post!
Publisert
21.09.2025, kl. 20.27