Rundt 16:30 søndag ettermiddag opplyser politiet om eit trafikkuhell på Flatøy.
To bilar skal vere involvert, og det er ikkje meldt om personskade.
– Bil som har trilla ned ei skråning, fortel Terje Magnussen, operasjonsleiar i Politi vest.
Den eine bilen skal stå ute av vegen på Blandeverket busstopp, fortel ein Nh-tipsar. Deler av bakenden til bilen er knust.
– Bilen som står lengre framme har knust front, seier tipsaren.
Den andre bilen står eit stykke lengre framme i vegbana. Den fremste bilen skal ha vore involvert i ei singelulykke, etter å ha køyrd i autovernet.
Det var denne som ein kort periode i 17:30-tida førte til stans i trafikken, då bilbergar kom for å fjerne bilen.