– Det stod ein Subaru under det treet der, seier Jamil Longton og peikar.
Subaruen skulle bli starten på hans livs verste mareritt.
Naken på ei celle i 32 dagar, med dødsfrykt og framande menn som kravde svar han ikkje hadde.
Longton møter NRK i sitt eige nabolag i Kitengela utanfor Nairobi. Han er fri igjen no, men hugsar godt dagen då Subaruen rulla fram og stilte seg i vegen for bilen der han og broren sat.
– Me kom oss ingen veg. Det var fem stykk i bilen, og fire av dei steig ut av den. Dei hadde handjern med seg, pistolar og gevær.
Ein rar bilvask var første teikn
Dei to brørne skulle ut på ein kort køyretur, og hadde raskt merka at noko ikkje var heilt som det pleidde i nabolaget.
I gata hadde ein mann parkert bilen på tvers for å vaske bilen sin.
«Dum parkering» tenkte Jamil, men i ettertid har han skjønt at det berre var eit teikn på at han var på veg inn i ei felle.
Han køyrde ein omveg, og til der Subaruen stod. Då dei framande mennene kom ut av bilen vart det fort tydeleg at dei var ute etter å ta med seg veslebroren til Jamil.
Men storebroren nekta å la dei dra med seg veslebror utan at dei sivilkledde mennene forklarte kven dei var.
– Dei hadde ingen ID, og eg spurte om det var slik at dei var politi. Og eg bad om at me heller kunne dra til den lokale politistasjonen, berre nokre hundre meter unna.
Men dei ukjente mennene nekta Jamil å ringe den lokale politisjefen, og saman med broren vart han putta inn i bilen. Dei fekk bind for augo, og deretter starta bilen å køyre.
Mange forsvinngssaker i Kenya
Brørne hadde begge delteke i demonstrasjonane som hadde herja Kenya, og dei kjente godt til at det hadde vore mange mystiske forsvinningssaker i Kenya den siste tida.
Difor var dei ekstra redde.
Av og til hadde folk blitt borte for godt. Av og til vart dei funnen døde lenge etterpå. Og av og til dukka dei opp igjen mange dagar etterpå.
Difor demonstrerer unge kenyanarar
Foto: AP
- I Kenya er rundt 80 prosent av folket under 30 år. Dei unge har ofte utdanning, men arbeidsløysa er stor.
- Det er stor forskjell på fattig og rik i Kenya. Den politiske eliten er i stor grad rike, medan andelen fattige er stor. Dette skaper sosial uro og misnøye med politikarar.
- Kenya er ramma av korrupsjon, og er på 121. plass av 180 på Transparency International sin korrupsjonsindeks. Korrupsjon skjer også blant landets politikarar. Samtidig har Kenya høg statsgjeld, mellom anna på grunn av store investeringar i jernbane og veg.
- Demonstrasjonane starta for alvor då sittande president, William Ruto, la fram eit forslag om nye skattar. Skattane skulle hjelpe Kenya i vanskelege økonomiske tider.
- Blant mange arbeidslause og fattige i Kenya skapte dette stor misnøye, fordi dei meiner det er urettferdig at folk flest skal måtte betale for noko dei ikkje har ansvar for.
- Demonstrasjonane har blitt møtt med politivald, noko som har ført til at demonstrasjonane også handlar om misnøye med politivald, i tillegg til politisk korrupsjon.
– Me ante ikkje kor me var på veg. Me såg ingenting, og hadde bind for augo, fortel Longton.
Han var redd, og snart skulle alt bli endå skumlare. For dei neste 32 dagane vart eit einaste langt mareritt for dei to brørne.
Skoten i foten utan at han forstod det
– Eg har film av det.
Bahati Hezborn fiskar fram mobiltelefonen. Han leitar i filmrullen og set på ein video der ein berre høyrer skrik.
Bahati Hezborn ser ein kul vokse ut på beinet sitt.
Det er Bahati som skrik medan han filmar leggen sin. Den ser ganske rar ut. Det er noko som bular ut på innsida av huda.
Det Bahati ikkje veit er at han filmar ei indre bløding.
– Eg er treft av tåregass, roper han i videoen, og sjølv om det gjer vondt har han tydelegvis ikkje heilt skjønt alvoret endå.
Han trur ein tåregasspatron har skada han, slik som mange andre har opplevd under demonstrasjonane i Kenya.
Men han er treft av skot frå eit gevær, noko som er langt sjeldnare, og langt meir skadeleg.
Lagar politisk musikk
Bahati Hezborn har trykt seg vidare på mobiltelefonen og finn fram ein song han nyleg gav ut. Han er hiphop-artist med politiske bodskap.
«Ruto must go».
Kenyas mest kjente slagord utgjer refrenget.
«Wantam».
Det er namnet på songen, og er Kenyas nest mest kjente slagord. Det betyr «one term» – ein presidentperiode.
Begge slagorda er beskjedar til president William Ruto, som demonstrantane ønsker bort. Dei vil han skal trekke seg, og i det minste at han ikkje skal vinne neste val i 2027.
No er det eit år sidan Bahati vart skoten. Han bur heime hos foreldra, og har framleis ein veg igjen å gå før helsa er god igjen.
Men han angrar ikkje på at han risikerte helsa ved å demonstrere. Sjølv om han visste det medfører ein risiko å stå opp mot kenyansk politi.
– Eg tenker at ein av og til må gjennom ein krig for å oppnå fred. Eg trur det er viktig at me forstår kva makt me har som Kenyas folk, og spesielt me unge, seier Bahati.
Bahati Hezborn forsøker å jobbe seg tilbake til ein kvardag.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK
«Døve politikarar»
Han set ord på det veldig mange unge og arbeidslause kenyanarar tenker. Frustrasjonen er høg og tolmodet er lite. Ekstra sinne blir skapt fordi mange av Kenyas politikarar er del av ein liten rik elite.
– Dei er nærast døve, og lyttar ikkje til våre behov. Me ropte ut om høgare skattar, dårlege økonomiske system, ein feilslått rettsstat og dårlege helsetilbod. Me ønska å sjå ei endring, seier Bahati.
Det ungdommelege Gen Z-opprøret klarte i fjor å stanse store delar av ein særs upopulær skattelov, men likevel har demonstrasjonane mot politikarar og president William Ruto halde fram.
Kenya er prega av ein slags «no eller aldri»-stemning, der mange unge har eit sterkt håp om ei grunnleggande endring av landets politiske system.
– Folk er klare til å ofre mykje. Me må bryte ut av den vonde sirkelen og sørge for at dei som kjem etter oss kan nyte og juble for våre sigre, seier Bahati.
Var sakna av familien i 32 dagar
– Det første dei gjorde då me kom inn i cella var å fjerne kleda våre. I 32 dagar hadde me ingen klede på oss. Me var like nakne som eit den dagen me vart fødde, fortel Jamil Longton.
No er Jamil Longton tilbake i leilegheita han og broren deler. Broren er også sett fri igjen.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK
I meir enn ein månad vart Jamil og veslebroren haldne fanga på ein hemmeleg stad. Ingen visste kor dei var eller om dei var i live.
Sjølv veit han framleis ikkje kor han vart halden fanga, men han seier det likna på ein politistasjon.
I dei mange avhøyra fekk han stadig spørsmål om kven han jobba for.
– Me fekk bank kvar dag, og målet var tydelegvis å få oss til å seie kven me jobba for. Kva land, menneskerettsorganisasjon eller politikar me fekk pengar frå. Men me nekta heilt fram til siste dag for at me fekk noko som helst pengar. Alle som demonstrerer i Kenya gjer det fordi dei er leie av styresmaktene, ikkje fordi me får betalt.
Kenyas leiarskap kommenterer sjeldan enkeltsaker
I Kenya har styresmaktene til tider slått hardt ned på det politiske ungdomsopprøret, mellom anna ved at politiet har gått hardt til verks og brukt tåregass, vasskanonar og i nokre tilfelle skytevåpen.
Politiet avviser at det er gitt noko ordre om å skyte på demonstrantar, og hevdar at dette berre skal gjerast mot personar som driv med kriminalitet eller vald under demonstrasjonane. Bahati Hezborn hevdar han ikkje gjorde noko slikt.
På dagane det blir demonstrert er mange tusen politifolk ute over heile Kenya for å forsøke å avgrense uroa.
Dei mystiske bortføringssakene vert sjeldan kommentert frå offentleg hald i Kenya, og ofte gjev styresmaktene inntrykk av at dei ikkje har noko med forsvinningssakene å gjere.
Men Kenyas president William Ruto kom i mai med ein sjeldan kommentar der han sa at slike bortføringar ikkje skal skje igjen. Mange tolka dette til at han innrømma å ha kjennskap til sakene likevel.
Trur dei framleis spanar på han
Jamil Longton har bestemt seg for å fortelje historia om då han vart bortført. I starten var han for redd, men han har endra meining og trur han er meir beskytta av å få merksemd ved å fortelje historia.
Han trur framleis at han blir følgt med på av hemmeleg politi.
– Dei veit veldig godt at eg er her, for dei sporar oss med ulike verktøy. Dei kjenner våre bevegelsar, og dei følger med på om me deltek i demonstrasjonar. Men eg er ikkje redd. Eg er skapt av Gud, og det er han som bestemmer når eg skal døy, seier Longton.