Den sjuande countryfestivalen er over, og musikarar, publikum og tilskiparar kan konkludera med at dette også var den beste i ei ung festivalsoge. Når eg tillèt meg å konkludera med at dette var den beste, så har det sjølvsagt med kvaliteten på programmet og den tekniske standarden på tilskipinga å gjera, men også «kvaliteten» på publikum.

Mellom to av konsertane i Gamlekinoen spelte duoen Niklas og Sunniva. Eg var redd desse to ungdomane ikkje ville få den merksemda dei fortente. Når ein kjem ut etter ein konsert har ein gjerne trong for å oppsummera det ein nyss har opplevd i konsertsalen. Å gå rett på ei ny konsertoppleving er krevjande.

Den måten publikum tok imot dei to unge musikarane var rett og slett rørande. Frå første anslag på gitaren var publikum knyst stille og kvitterte for kvar låt med varm og velfortent applaus. Voss er bortskjemt med gode publikum frå Vossa Jazz og Osafestivalen, men publikum på Den forvitnelege countryfestivalen er fullt på høgd, så takk til alle som var med på å gjera dette til ei minnerik helg!