21. september kunne eg lese i Sogn Avis at styret i Helse Førde skal vedta om dei skal starta utgreiing om situasjonen i Lærdal og på Norfjordeid 25 september.

25. september har lærdølene avlyst sitt formannskapsmøte. Dei reiser heller til Nordfjord for å sitje på bakarste benk for å vere tilskodarar til eit vedtak som kan ramme heile regionen vår. Tenestetilbodet vårt. Tryggleiken vår. Framtida vår.

Å stå samla må ein gjere før eit vedtak blir fatta. Det er no ein må samle troppane for demonstrasjon. Forarbeidet og signala ein sender før eit vedtak blir viktigare enn når vedtaket er fatta og kampen er tapt. Dette har me vore med på før. Og skal me stå å sjå på at det skjer igjen?

Diverre så har eg framleis Norsun-situasjonen i Årdal friskt i minne. Sogn Avis 11.04.24: «Næringsministeren var ein snartur innom Norsun og helste på nokre av dei tilsette. Han lova å gjere det han kan for at verksemda skal lukkast».

Jan Christian Vestre var næringsminister den gong då han besøkte Norsun, og sit no som Helse og omsorgsminister. Eg kjenner eg blir frustrert over å tenkje over kor ille dette kan bli. Ein tragedie for regionen vår. Tenestetilbodet vårt. Å stå å forvente at nokon tek ansvar? Ansvaret må me av og til ta sjølv. Som lokalpolitikar. Uansett politisk farge.

Årdal har kommunestyremøte 25. september. Denne dagen ville eg heller sete på bakarste benk i styremøte til Helse Førde. Hatt armane i kryss, vore morsk og sendt eit signal at dette ikkje er greitt. For dette er langt frå greitt.

Dette er etter slik eg ser det, berre starten!