Krenkinga av estisk luftrom fredag førre fredag er ein del av eit større mønster, meiner Nato.
Generalsekretær Mark Rutte heldt ein pressekonferanse i etterkant av eit møte mellom dei 32 medlemslanda i Brussel i dag.
Der omtala han Russlands handlingar som «eskalerande, risikokalkulerande og farlege», og sa at Nato vil ta i bruk alle militære og ikkje-militære middel for å avskrekke dei og forsvare seg.
Men han ville ikkje svare på om dette betyr at Nato vil skyte ned alle framande fly som kjem inn i alliansens luftrom.
Eit bilde frå svenske myndigheiter viser eit russisk MiG-31-jagarfly over det baltiske havet.
Foto: FORSVARSMAKTEN / AFP / NTB
– Nato er ein forsvarsallianse, men for å avskrekke Russland må dei tru at vi er i stand til motangrep. Er alliansen klar til å skremme russarane? spurte journalisten Joachim Clementi frå den estiske allmennkringkastaren.
– Absolutt. Men vi må alltid gjere det på ein måte som vurderer situasjonen, svarte Rutte.
Korrespondent i Brussel, Anders Børringbo.
Krenka norsk luftrom
Tysdag ettermiddag sende den norske regjeringa ut ei pressemelding som ramsa opp tre tilfelle av at russiske jagarfly har krenka norsk luftrom i år.
- 25. april flaug eit russisk jagarfly av typen SU-24 inn i norsk luftrom over havområda nordaust for Vardø. Flyet flaug gjennom norsk luftrom i fire minutt.
- 24. juli flaug eit russisk fly av typen L410 Turbolet gjennom norsk luftrom over eit ikkje-busett område langs landegrensa i Øst-Finnmark i tre minutt.
- 18. august flaug eit russisk jagarfly av typen SU-33 gjennom norsk luftrom over havområda nordaust for Vardø i eitt minutt.
– Grensekrenkingane varte mellom eitt og fire minutt. Vi kan ikkje slå fast om dette er gjort medvite eller om det skuldast feilnavigering. Uavhengig av årsak er dette ikkje akseptabelt, og det har vi gjort klart for russiske myndigheiter, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Utanriksminister Espen Barth Eide seier at Stortinget og Nato har blitt halde orienterte, og at Noreg har bede Russland om ei forklaring.
- Natt til tysdag blei både Gardermoen og Kastrup stengde etter dronar over flyplassane. Rutte sa på pressekonferansen at han har vore i kontakt med Danmarks statsminister Mette Frederiksen om dette.
Jagarfly over Estland
Bakgrunnen for møtet i Brussel og pressekonferansen etterpå er dei tre russiske MiG-31-jagarflya som krenka estisk luftrom i rundt ti minutt den 19. september.
Artikkel 4 i Nato-traktaten gir medlemsland rett til å be om diskusjonar når deira territorielle integritet, politiske sjølvstende eller sikkerheit blir trua.
Seniorforskar Paul Buvarp ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) las Rutte som ein generalsekretær som vil vise styrke.
– Han vil vise evne og ikkje minste vilje til å stå opp mot dei provokasjonane vi har sett. Eg trur nok at dette er ei slags forsikring til dei mest nervøse landa i aust om at alliansen står samla, seier han.
Paul Buvarp ved FFI.
Foto: Privat
I eit utsegn som blei sendt ut etter møtet, peika Nato både på luftromskrenkingane i Polen og Estland, så vel som i Finland, Latvia, Litauen, Romania og Noreg.
– Russland bør ikkje vere i tvil: Nato med allierte vil i tråd med folkeretten ta i bruk alle nødvendige militære og ikkje-militære verkemiddel for å forsvare seg og avskrekke alle truslar frå alle hald. Vi skal halde fram med å svare på den måten, til det tidspunktet og på det staden vi sjølve vel.
Hendinga i Estland skjedde berre nokre dagar etter at polsk luftrom blei krenka av russiske dronar. Etter dette kunngjorde Nato ein ny operasjon for å styrke alliansens austflanke, landa lengst aust i alliansen som også utgjer grenseområdet mot Russland.
Publisert
23.09.2025, kl. 12.57
Oppdatert
23.09.2025, kl. 13.49