Tamima Nibras Juhar vart drepen då ho var på arbeid. Den unge mannen ville skape frykt. Han er sikta for drap og terror og er frå ytre høgre. Han liknar Anders Behring Breivik og Philip Manshaus. I 2001 tok nynazistar livet av Benjamin Hermansen.

Ein mann, 42 år og muslim, skaut to personar og skada minst 21 stykker i 2022. Offera var folk som sat på ein pub med mange homofile gjester. Dagen etter skulle Pride-paraden gå i Oslo.

Lily Bandehy skulle lansere boka «Kvinner i Islam, Islams forakt for kvinner» i 2021. På grunn av trugsmål måtte politiet vere der.

Alle mordarane er norske statsborgarar.

Det er utruleg at personar som har flykta frå valdelege statar og har fått opphald i Noreg, tek del i nokre av desse trugsmåla.

Hun som ville gjøre verden til et bedre sted

Den jødiske barnehagen i Oslo er sikra mot terror. Væpna politi held auga med synagoga. Jødar kjenner seg utrygge i Noreg.

Jødar fekk ikkje lov til å bu i Noreg frå 1814. Riksforsamlinga trudde at jødar ikkje ville bli ein del av samfunnet. Jødane gjekk til opprør, frå 132-135, mot Romerriket. Keisar Hadrian knuste opprøret og jødar fekk ikkje lov til å bu i Jerusalem. Frå den tida har det budd jødar i Europa. Med jamne mellomrom er dei vortne drepne eller utviste frå byar og land. Jødar har klart det utrulege, å halde fast på sin religion og sine skikkar uansett kvar dei har budd. Dette er ei av årsakene til antisemittismen som har eksistert i over 1500 år.

Etter 1945 ville ikkje nokon stat i Europa ta imot jødar. Europa brydde seg ikkje om kven som budde i Israel. For Europa ville bli kvitt jødar. Det er ein av grunnane til at staten Israel vart til. Landet fekk sitt eige forsvar. For første gong på 1812 år kunne jødar forsvare seg og leveviset sitt. Noreg tok imot få jødiske flyktningar frå 1933 til 1940. Om lag 700 jødar som hadde budd i Noreg, vart tekne livet av i Tyskland. Fleire av dei som kom attende, fekk vanskar med å få att eigedommar dei åtte, etter freden. Kanskje er det grunnen til at Noreg så heilhjarta støtta Israel fram til 1967? Dei siste åra er det komne over 500.000 jødar frå Iran, Irak og Syria til Israel.

I dag er Palestinakomiteen svært aktiv i dømminga av Israel si framferd i Gaza. Dei brukar sterke ord. Ord som skal brenne seg fast i hukommelsen vår. Eg opplever at Palestinakomiteen hevdar at Israel er ein illegitim stat, prega av vondskap. NRK sine sendingar frå Gaza, stør opp under eit slikt inntrykk.

Europa fekk nye grenser i 1945. Over ti millionar menneske måtte flytte frå heimane sine, mellom dei 400.000 finnar.

Stormaktene brydde seg lite om kva tilhøve folk hadde til området dei budde i. Dei ville bli kvitt jødar, sjølv om det budde palestinarar i området der frå før. Palestinarar som flykta, ville ikkje noko arabisk land ta imot. Og kva stat i dag vil ta imot fem millionar jødar, dersom staten Israel blir utsletta? Stormaktene som i si tid godtok opprettinga av Israel, klarer ikkje å løyse konfliktane dette har skapt. Konfliktar som nå splittar oss i Noreg.

Dei som bryt lova, får mykje omtale i media. Er det underleg at sinnet kan bløme i sjølvrettferdig harme? Me haustar slik me sår.