Det presenterte kommuneleiinga for kommunestyret torsdag.
Sunnfjord kommune styrer mot Robek innan 2028 sjølv om dei held fram i høve kuttplanane som allereie finst.
Éin av tjue skal ut
– Kjernen i bodskapet mitt i dag er at vi må endre prioriteringsrekkjefølga i arbeidet med endringar i organisasjonen. Det betyr at vi vil prioritere økonomiske innsparingar føre ein omfattande omorganiseringsprosess, seier kommunedirektør Terje Heggheim til Firda.
70 prosent av utgiftene i kommunen er løn.
Dei innstiller derfor i staden på å kutte 100 årsverk innan 1. januar 2027. Med om lag 1800 årsverk, svarar det til om lag 5,5 prosent av alle årsverka i kommunen.

Kommunestyret reagerte slik då dei såg talet 100. Her ved Senterpartiets Erlend Herstad (t.v.) og Ove Varlid.
Foto: Ruth Møllerplass Huse
Kommuneleiinga har innsett at omorganiseringa blir så krevjande at dei treng alle ressursane som no finst i kommunen for å gjennomføre den. I tillegg har dei ikkje klart å kutte nok i år, noko som har tvinga fram behov for å kutte meir endå raskare.
– Ingen er skjerma
– Det handlar om å styre skuta slik at vi unngår å hamne i Robek i 2027 eller 2028, seier assisterande kommunedirektør Lise Mari Haugen.
Eit kutt på 100 årsverk på eit drygt år kan bety oppseiingar av kommunalt tilsette. Leiinga håpar likevel at talet kan bli nådd med naturlege avgangar, vikariat som ikkje blir forlengd og styrt eller frivillig omplassering internt i organisasjonen.
– Så det blir ikkje 100 årsverk som blir sagt opp i morgon, men vi må ta 100 årsverk ned, seier Haugen, og siktar til innsparingsmålet på 121 millionar kroner.
Det er opp mot 2400 tilsette i kommunen.
– Det er eit alvor i dette. Folk blir råka. Ingen sektorar er skjerma.
– Skulle ikkje omorganiseringa i seg sjølv kutte kostnadar?
– Rapporten frå arbeidsgruppa viste potensial på to til sju millionar kroner. Vi trur det er eit potensial der, og vi kjem til å gjennomføre tiltak som har effekt. Men det store grepet med omorganisering tar så mykje av vår kapasitet at vi må ha leiingskapasiteten vi har i dag til å gjennomføre omorganiseringa, svarar Heggheim.
Han har nettopp fått over 200 sider med innspel i høyringsrunden om omorganiseringa.

Les også
Storkommunen skal kutte og slå saman. No kjem protestane
– Dette må sjåast i lys av det og. Vi har fått mange gode innspel, og mykje godt materiale vi kjem til å bruke i arbeidet med omorganiseringa. Vi gir oss litt meir tid.
– Ingen tvinnar tommeltottar
Dei har ikkje svar på kva sektorar dei spesielt vil sjå på i høve nedbemanninga, men meiner det naturleg nok må spegle dei demografiske endringane. Altså: Færre barn og unge betyr truleg ekstra fokus på kutt i sektorar som skule og barnehage.
– Men det er ikkje éin sektor som skal ta hovudtyngda. Skule, barnehage og omsorg utgjer ein stor del av kaka. Dei vil merke det. Så må kultur, teknisk og administrasjon også sjåast på, seier Haugen.
– Om 100 skal vekk, er det slik at de ser på det som 100 overflødige årsverk no?
– Nei, ingen er overflødige. Det er eit press i organisasjonen for å gjennomføre oppgåver i dag. Dette blir ikkje lett, svarar Haugen.
– Ingen sit og tvinnar tommeltottar i Sunnfjord kommune. Vi må sjå på nye måtar å jobbe på. Det blir ei tilstramming, følger Heggheim opp.
– Dette kjem midt i ein prosess som har vore planlagt. Har de panikk?
– Nei, på ingen måte. Dette er å ta inn over oss situasjonen kommunen står i. Dette er ei tidsjustering av planen, svarar Heggheim.
Storkommune utan stor effekt
Kommunedirektøren understrekar at dette er hans innstilling til kommunestyret. Politikarane må vedta dette gjennom mellom anna budsjettet for 2026.
– Kommunen har rulla og godt i over fem år no. Burde ein ikkje sett dette mykje tidlegare?
– Eg trur samanslåingskommunane har slite med å ta ut effekten av samanslåingane. Eg trur ein av årsakene til det er koronapandemien. Sunnfjord kommune var tre månadar gammal når den kom. Vi skulle bygge ein ny organisasjon, men møtte kvarandre på veggen, svarar Heggheim.
– Så har eg lyst til å seie at vi har halde skikkeleg igjen det siste året. Ingen tilsettingar er gjort utan at det er drøfta i kommuneleiinga. Det gjer vi kvar måndag. Men det har ikkje vore nok.
Dei tar og signala frå valkampen med seg.
Kommuneøkonomi blei knapt nemnt av nokre parti – i alle fall var det sjeldan på dagsorden.
Heggheim trur det indikerer at det er brei semje blant dei største partia på Stortinget at kommunesektoren i Norge må gjennom tøffe kuttrundar.
– Vi må ha realistiske forventningar. Valkampen var kjemisk fri for debatt kring kommuneøkonomi. Det legg nokre forventningar for oss.
– Det finst ingen veg utan om å få balanse mellom inntekter og utgifter. Det er ei plikt som ligg på kommuneadministrasjonen og oss politikarar. Det kjem til å smerte, men vi kan ikkje bruke meir pengar enn snittet av norske kommunar når vi ikkje har meir pengar enn snittet av kommunane, seier ordførar Jenny Følling (Sp).