Avgjerda som styret har kome fram til i dag betyr at leiinga i Helse Førde skal halda fram med å greia ut forslaga til strukturelle endringar i føretaket.
Det er enno ikkje vedtatt at noko skal leggjast ned. Prosessen vil ta tid, og ein vil tidlegast kunne sjå nærare på tiltaka ved styremøtet i november.
Det opphavlege framlegget ser du her:
Dette er kuttframlegget
- Samla all ortopedisk aktivitet ved Førde sentralsjukehus. Dette medfører å flytta aktiviteten i Lærdal til sjukehuset i Førde og avvikle skadepoliklinikkane ved sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal.
- Samla barseltilbodet til dei fødande i Helse Førde ved kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus. I dette ligg det å redusera tilbodet ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord til det som er lovpålagt.
- Vurdera dei prehospitale tenestene i ambulanseområda med mål om å redusere tal ambulansestasjonar i Helse Førde, samstundes oppretthalde eit forsvarleg tilbod.
- Samla tilbodet til hudpasientar ved Førde sentralsjukehus og sjukehusa i Lærdal og i Nordfjord.
- Gjennomgå Helse Førde sin DPS struktur (Distrikts psykiatrisk senter) i Førde, Sogndal og Nordfjord, med mål om likeverdig tilbod til pasientane, og vurdere utvikling av FACT- team (oppsøkjande behandlingsteam).
Styret har lagt til nokre endringar og fleire punkt i tilrådinga.
Sogn Avis kjem tilbake med meir.