Nødvendige investeringar i bygg, utstyr og IKT-system har ført til kraftig vekst i kostnader knytt til renter og avdrag på lån, samt pensjonsforpliktingar utan at rammeoverføringane har auka tilsvarande. Spørsmålet er: korleis kan vi møte denne utfordringa?
Mange har spurt om skroting av Helseplattformen kan vere ei løysing. Svaret er nei.
Helseplattformen vart innført etter ein lang og krevjande prosess, og ei avvikling vil koste fleire milliardar. Samstundes finst det ikkje eit alternativt journalsystem som er klart til bruk. Vi må derfor sjå framover, i staden for å bruke krefter på diskusjonar om å fjerne systemet.
På fleire område fungerer Helseplattformen godt, medan andre funksjonar framleis krev forbetring. Arbeidet med å utvikle og rette opp svakheiter pågår heile tida, og resultata peikar i rett retning. Systemet gir oss eit grunnlag for å hente ut gevinstar innan både pasienttryggleik, samhandling og økonomi i åra som kjem.
Dei regionale helseføretaka har saman gitt innspel til statsbudsjettet for 2027, der investeringar i bygg og utstyr blir løfta fram som ei av dei største utfordringane. For Helse Møre og Romsdal er dette ein langt tyngre økonomisk belastning enn sjølve investeringa i Helseplattformen. Vi er heller ikkje aleine; fleire helseføretak slit med store kapitalkostnader som legg press på økonomien. Difor er det positivt at dette no blir understreka i fellesskap overfor departementet.
Eg set pris på det sterke engasjementet for pasienttilbodet i fylket vårt. Det er ingen tvil om at det økonomiske handlingsrommet vårt vil vere avgjerande for kva helsetenester vi kan tilby i framtida.