Når banken gir ut lån må dei vurdere kor stor risiko det er å låne ut pengar til deg.
Dersom du skal få lågare rente må du argumentere for at risikoen er lågare.
NRK har snakka med fleire banktoppar, som gav innsikt i korleis bankane tenker, men som ikkje vil ha namna sine på trykk.
Samtalane har resultert i denne lista som kan hjelpe deg med å vinne fram.
Lånegrad
Lånegrada er ein viktig faktor som viser kor stor risiko banken tek ved å gje deg lån.
For å finne lånegraden din må du ha to tal:
- Kor mykje har du i bustadlån?
- Kor mykje er bustaden din verdt i dag?
Talet er i prosent.
Om bustaden din er verdt 4 millionar kroner og lånet er på 2 millionar – så har du ein lånegrad på 50 prosent.
Lågare lånegrad = lågare risiko for banken.
Dermed er låg lånegrad eit godt argument for låg rente.
Mange eigedomsmeklarar tilbyr gratis og uforpliktande verdivurdering av bustaden din.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK
Dei fleste startar med lånegrad på 85 eller 90 prosent. Det er vanleg at dette talet går ned med åra.
Det skjer fordi bustaden normalt aukar i verdi – samstundes som du betalar ned, slik at lånet blir mindre.
Det kan vere lurt å få ei ny verdivurdering på bustaden din, slik at du kan dokumentere at den har auka i verdi. Mange eigedomsmeklarar tilbyr dette heilt gratis.
Betalingsevne
Betalingsevne er bankspråk for kor mykje du har i inntekt.
Jo meir pengar du får inn kvar månad – jo høgare evne har du til å betale på eit lån.
Dei aller fleste av oss får høgare lønn kvart år. Dermed er sjansen stor for at du har større betalingsevne no, samanlikna med sist du snakka med banken.
Høgare betalingsevne = lågare risiko for banken.
Det er eit argument det kan vere verdt å legge vekt på.
Rentekalkulator
Kalkulatoren bruker formel for annuitetslån for å beregne dine månedlige kostnader. Her brukes nominell rente. Det vil si at det vil komme ett transaksjonsgebyr i tillegg som vil variere fra bank til bank. Dagens rente er hentet fra DNBs boliglånsrente for unge, og ulike banker vil ha ulik rente. Tallene som oppgis her vil derfor bli omtrentlige for deg. Månedlige utgifter er renter og avdrag samlet.
Les mer om kilder og forbehold her.
Se hvor mye du må betale når renta settes ned. Vi tar utgangspunkt i en nominell rente på 4,99 prosent.
Betalingsvilje
I tillegg til betalingsevne, så er betalingsvilje ein viktig faktor for banken.
Dette seier mykje om deg som person.
Du har forplikta deg til å betale ned på lånet. Men banken vurderer også om du er strukturert og har vilje til å sette av pengar og betale fast kvar månad.
Dersom du har hatt lån i fleire år og alltid betalt som du skulle – så kan du vise at du har god betalingsvilje.
God betalingsvilje = lågare risiko for banken.
Vis vilje til å bytte bank
Du står sterkare i alle forhandlingar dersom motparten har noko å tape.
Difor er det viktigaste rådet å vise vilje til å bytte bank. Den enklaste måten å gjere det på er å hente inn eit tilbod frå ein annan bank.
Då får du vite kor lista ligg, så banken din har noko å strekke seg etter.
DNB er den største banken i landet. Over 2 millionar norske privatpersonar er kundar der.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK
Du finn listeprisane til alle norske bankar på Finansportalen. Men ver obs på at dei fleste bankar kan gje deg ei rente som er lågare enn den offisielle listeprisen.
I tillegg finst det fleire kommersielle nettsider som kan hjelpe til med bankbytte.
Berre søk på «bytte bank», så får du nok av treff.
Om det ikkje nyttar
Dersom ingen av desse triksa verkar og du framleis synest renta på lånet er før høg, så kan det smartaste vere å gjere det banken fryktar.
Bytt bank.
Det er svært enkelt å bytte bank i Noreg.
Den nye banken gjer heile jobben og du kan spare tusenvis av kroner.
I det daglege fungerer norske bankar på same måte, så du vil neppe merke mykje av byttet – men du må kanskje legge inn eit nytt kort på Spoitfy og Netflix.
Publisert
26.09.2025, kl. 08.23
Oppdatert
26.09.2025, kl. 08.32