Julie Katrine Flikke Førsteamanuensis
Institutt for tverrfaglege kulturstudiar , NTNU

Publisert:
29. september 2025 kl. 16:59
Oppdatert:
29. september 2025 kl. 16:59

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for debattantens egen holdning.

I lys av Debatten om likestilling på NRK, verker det på tide å igjen ta eit oppgjer med eit par seigliva myter rundt likestilling i Norge.

Myte 1: Kvinner i arbeid er ein ny utvikling i Norge

Viss du åpner ei historiebok, vil du raskt sjå at kvinner i Europa, og Norge, alltid har arbeida. Før den industrielle revolusjonen bidrog både menn og kvinner til produksjon og drift på garder, med alt frå husdyrstell, korndyrking, innhausting, produksjon av mat, og klede. I familiar langs kysten der familiar har vært avhengig av fiske, har menna ofte vært fråverande i lange periodar, medan kvinner har styrt hushaldet og gjort det som var nødvendig for at familien skal leve og overleve.

Å ha ei kone «gåande heime» blei eit statussymbol med industrialisering og urbanisering frå 1800-talet, men i praksis har det berre vært ein elite i storbyane som har haldt kvinner inaktive. I dei tilfella blei oppgåver som matlaging og barnepass gjort av andre kvinner i form av tenarar. Den berømte husmora si gullalder skjedde etter ei auke i velstand i Norge på midten av 1900talet, og var verkeleg prega av arbeid i ei tid før apparat som oppvaskmaskin og vaskemaskin var daglegdags. Og den varte ikkje særleg lenge: Allereie på 1960 talet krevja kvinner rett til betalt arbeid.

Gir et helt feil bilde Myte 2: At likestillingspolitikken Norge fører er moraliserande

Kvinnekampen og moderne likestillingspolitikk har ført til at kvinner har fått både rettar og pliktar. Men eg meiner at tiltak som kvotering og foreldrepermisjon ikkje er meir moraliserande enn andre lover og reglar som vi ser på som viktige for å ha eit godt samfunn. Politikken seier noko om kva vi som samfunn ser på som verdifullt og ønskeleg, og kvotering og fordeling av foreldrepermisjon brukast som verktøy for å oppnå dette. Kvotering har også blitt innført til gode for menn, for eksempel på psykologistudiar, utan at nokon roper om at dette tar opp plassen til høgare kvalifiserte kvinner. Det er forresten verdt å merke seg at under Debatten var det representanten frå KrFU som ville unngå moraliserande peikefinger. Religion er då som regel også ganske moraliserande.

Du ser ikke meg i forkle i 2025 Myte 3: At kvinner burde få lov å stå utanfor arbeidslivet utan at andre skal moralisere over det

Det å velje å stå utanfor arbeidslivet for å bli forsørga av ein mann er eit val du har rett til å ta. Men realiteten er at det verken er særleg smart, solidarisk eller langtenkt. Mange heng seg opp i småbarnsperioden når det er snakk om kvinners deltaking i arbeidslivet. Det er sjølvsagt riktig at småbarnsperioden, særleg i det første året etter fødselen, er ei tid då det er biologisk forskjell på far og mor. Men etter kvart som barnet veks opp, er det ikkje god samfunnspolitikk at friske vaksne held seg utanfor arbeidslivet berre fordi dei er kvinner. Kvinners deltaking i arbeidslivet utgjer ein sum som tilsvarer heile den norske oljeformuen. På eit personleg nivå er heller ikkje ein partnar ein særleg god økonomisk plan. Ein uavhengig inntekt er tryggheit for deg og dine, men også sjølvstendigheit og friheit. Lønna arbeid, uavhengigheit, å ikkje måtte tole kva som helst av mannen din fordi han også er din arbeidsgjevar- det er friheit våre formødre berre kunne drøyme om.

Vi må få vite hva tampongene inneholder Myte 4: At kvinners syklus gjer det vanskelegare for oss å jobbe 

Nei. Det er sant at hormonsyklusen påverkar ting som dagsform, matlyst og energinivå, men å redusere kvinner til skjøre naturbarn som lever på nåde av vår kropp og hormon er både uriktig og skadeleg. Menn har også ein hormonsyklus, knytt til testosteronnivå, som påverkar deira oppførsel. La oss heller gjere menstruasjonsprodukt billegare og auke forsking på kvinnehelse.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!