Skiskyttar Tarjei Bø og kona Gita Simonsen har delt den glade nyheita i eit felles innlegg på Instagram.

Dei har fått ei lita jente, som har fått namnet Eva. Ho kom til verda for litt over ei veke sidan.

– Eva er akkurat ei veke gammal i dag. Ei skjønn lita frøken. Vi kosar oss i bobla, familien på fire, skriv paret.

Nyheita blei først omtalt av Dagbladet.

I januar avslørte Bø på direkten at han ville leggje opp som skiskyttar etter sesongen. I april kunne paret dele at dei venta barn.

Frå før er dei foreldre til sonen Aaron.