Onsdag ettermiddag var det ei ulukke med paraglider på Hangurstoppen.

Ulukka vart meldt klokka 14.36.

Pasienten, ein mann i 40-åra, var vaken, og vart skildra til å liggja i bratt terreng.

Redningshelikopter vart sendt mot staden, melde politiet via politiloggen.

– Vedkomande er bevisst, og klagar på smerter, opplyste operasjonsleiar Steinar Hausvik til Hordaland, og la til at han ikkje kunne seia noko meir om alvorsgraden då

Vert henta ut av helikopter

Like etter klokka 15.10 vart eitt helikopter observert i luftrommet over Hangur.

Ifylgje operasjonsleiaren i Vest politidistrikt var paraglidaren lokalisert til å vera snautt 400 meter i luftlinja frå Hangurstoppen.

Etter det Hordaland kjenner til skal ulukka ha skjedd nær startpunktet for paraglider på Hangurstoppen, som er på ei grasslette om lag 200 meter aust for Hangursrestauranten.

Stopp video
Slå på lyd

Klokka 15.17 var politiet og ambulanse på staden, og personell frå sistnemnde va med pasienten.

– Luftambulansen er venta å løfta ut pasienten i løpet av kort tid, sa Bjørn Inge Aarsand ved politiet på Voss klokka 15.18.

Sendt til Haukeland med helikopter

– No gjer dei seg klar til å henta ut personen. Vedkomande ligg endå i terrenget, opplyste redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Bjarte Mong ved 15.30-tida.

Grunna vanskelege forhold for luftambulansen, var det redningshelikopteret som skulle utføra hentinga.

Sjølv om personen vert henta ut av bratt terreng, vart ikkje aksjonen sett på som særleg krevjande, ifylgje Mong.

Biletet er frå Voss hang- og paragliderklubb sitt webkamera på Hangurstoppen.
Foto: Holfuy Webkamera/VossHPK Hangur Øst

Klokka 15.40 vart pasienten heist opp i redningshelikopteret, og frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Ifylgje politiet er det pr. no uvisst kva som er årsaka til ulukka. Dei har avslutta på staden.

Hordaland oppdaterer saka.