Morselskapet Amplifier Game Invest (eit dotterselskap av Embracer Group) eigde tidlegare 53 prosent av Misc Games, men Amplifier blei nettopp lagt ned.

Det har opna for at Misc Games får kjøpe tilbake aksjane i sitt eige selskap, noko dagleg leiar Gøran Myrland er glad for.

– Dette betyr at me igjen er eit heileigd, heilnorsk spelselskap. Det er me svært stolte av. No har me ikkje lenger storebror hengande over skuldra, seier han spøkefullt til Gamer.no.

– Med Amplifier nedlagt blei det gjerne billigsal?

– Det var ein grei pris som me kan leve med. Eg kan ikkje seie så mykje meir enn det, seier Myrland.

På heimekontor

Misc Games har lenge hatt eit mål om å kjøpe tilbake aksjane. Gamer.no skreiv i vår om dei finansielle vanskane til selskapet, og at heile leiinga måtte på heimekontor.

No er det igjen vind i segla for den norske utviklaren.

– Me samarbeider med andre selskap, og no er me 19 stykk i sving. Eg tenkjer at me skal få inn fleire på sikt, fortel Myrland.

Selskapet sikra nyleg eit lån frå Innovasjon Noreg for drifta framover.

Visjonen er å få fleirspelaren til simulatorspelet Ships At Sea i medvind, som enno er i Early Access på Steam.

– Det er ein del ting som må på plass. Me skal få dedikerte servarar, som er noko spelarane har spurd om lenge. Dei skal kunne gå i hamn og utforske bygningar, få nye båtar og mykje nytt, seier Myrland.

LES OGSÅ: Fekk kjeft av spelarane og måtte seie opp kollegaer: – Tøft år

Eit heilt år med klaging

Planen er ei fullansering av Ships At Sea i 2026. Misc Games har seld over 800.000 simulatorspel sidan 2018, som gjer selskapet til ein av dei mestseljande norske utviklarane.

Hausten 2024 var selskapet gjennom ei restrukturering.

Myrland fortalde i vår om ein del misnøye blant spelarane etter lanseringa av Ships At Sea, då utviklarane sleit med feil.

– Det har vore eit tøft år. Me har hatt ei rekkje problem, og tilbakemeldingane har vore klaging på ting som ikkje fungerer. Me har heldt på med desse klagene i eitt år no, sa Myrland i vår.

No ser det ut som vinden har snudd for den norske utviklaren.

Har du tips til gode saker frå norsk spelbransje? Send meg gjerne ein e-post på mikkjell@gamer.no