– Me vil vera dei same folka og ha den same kompetansen, men me får nytt namn, fortel Gunn Irene Sviggum Bruheim. Ho er Partner og kontorleiar på Deloitte-kontoret i Sogndal.
Måndag vart det klart at Deloitte sel delar av verksemda si i Noreg til Cedra Noreg, inkludert 13 regionkontor og 290 tilsette.
Deloitte er eit globalt konsulent- og revisjonsselskap som tilbyr tenester innan revisjon, skatt, rådgjeving, risiko og finansielle tenester. No planlegg selskapet altså å selja og skilja ut 13 regionkontor i Noreg – blant dei kontoret i Sogndal – til det nyetablerte rådgjevings- og revisjonsselskapet Cedra Noreg, ifølgje ei pressemelding.
Blir med vidare
Alle dei tilsette på kontoret i Sogndal blir med vidare, og Geir Andre Helle held fram som regionleiar, heiter det vidare i pressemeldinga.
– Dette er bra for dei tilsette, for kundane og for næringslivet, seier Helle, som er regionleiar for kontora i Sogn og Fjordane med 28 tilsette, til Sogn Avis.
Han seier kundane ikkje vil merka noko til endringa.
– Dei vil møta dei same personane, fordi dei tilsette blir med over.
Geir Andre Helle er regionleiar for kontora i Sogn og Fjordane.
Foto: Ina Christin Løvseth/Firda
Frå globalt til lokalt
Men for dei tilsette blir det nokre endringar.
– Me vil merka at me går frå og vera eit av verdas største konsulentselskap, med over ein halv million tilsette på verdsbasis og strenge retningslinjer, til å kunne tilpassa oss kundane lokalt. Det som passar globalt, passar ikkje alltid like godt lokalt. Me vil få nye system, utvikla retningslinjer og program som passar våre lokale kundar. Eg trur det blir veldig bra og er veldig positiv.
Bruheim i Sogndal er også positiv.
– Me ser viktigheita av det som skjer og regulatoriske forhold. I staden for å jobba mot det globale, kan me no jobba mot det lokale og skreddarsy eit opplegg for små- og mellomstore bedrifter. Me skal framleis ha store bedrifter, men me treng ikkje å forhalda oss til strenge reglar globalt.
Store ambisjonar
Cedra er ein ny aktør med store ambisjonar. I pressemeldinga heiter det at målet er å bli marknadsleiande innan revisjon og rådgjeving for små og mellomstore bedrifter i Noreg og Norden. Selskapet får solid ryggrad med svenske Adelis Equity på eigarsida, som tidlegare i år etablerte Cedra i Sverige med over 500 tilsette. Framleis vil lokale partnarar vera medeigarar i det nye selskapet.
– Me ser positivt på å utvikla vår marknad og har eit positivt inntrykk av dei me skal samarbeida med, seier Bruheim, og legg til at endringane i verda krev omstilling.
– Det krev enorm raskt teknologisk utvikling. Verda er i rask endring og me må henga med på det som skjer.
Gunn Irene Sviggum Bruheim er Partner på Deolitte-kontoret i Sogndal.
Foto: Wenche Schanke Eikum/arkiv
– Me gler oss
Deloitte-kontoret i Sogndal har mellom 8 til 10 tilsette. Bruheim fortel at dei fekk vita om kjøpet måndag.
– Dei tilsette har vore veldig positive.
Avtalen med Cedra Noreg er mellom anna avhengig av godkjenning frå konkurransestyresmaktene og er venta gjennomført i fjerde kvartal 2025.
– Me gler oss til fortsettelsen, og skal halda fram med det gode arbeidet, kanskje enno betre enn det me har vore.
Les også
Her er alle sjefane kvinner – for nokre år sidan var stoda ei heilt anna: – Eg jobba berre med menn i 15 år