Klokka 22.58 onsdag kveld fekk politiet melding om ein trailer med hengar som kom utfor vegbana på E39 ved Langhaugane. Køyretøyet låg på sida, men det var framleis passasje for annan trafikk på staden.
Operasjonsleiar Terje Magnussen ved politiet seier at det truleg dreier seg om eit uhell:
– Det ser ut til at eit hjul på hengaren har kome utanfor vegen. Det blir ikkje oppretta sak i samband med hendinga, seier han.
Det er altså ingen mistanke om ruspåverknad.
Torsdag morgon ligg vogntoget framleis i grøfta, og det er manuell dirigering på staden.

MANUELL DIRIGERING: Torsdag morgon var det framleis manuell dirigering på staden.
Foto: Einar Lundsør
På same strekket har ei rekke bussar, trailarar og bilar køyrt ut av vegen før. Statens Vegvesen forsterka kanten like ved i fjor haust, men tok det ikkje heilt opp til der vogntoget køyrde ut seint onsdag kveld.
Klokka 11.45 ligg vogntoget framleis på same plassen:
– Status no er at plassen er skilta og merka, men ein jobbar ikkje med å berge bilen akkurat no. Planen er at ein skal berge den i natt, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.
Nøyaktig tidspunkt for berginga er ikkje klart enno, men det vil bli perioder der vegen er stengd grunna berginga.

Les også
No er også Vegvesenet lei av ulykkene her