Det gjeld store delar av indre Sunnfjord.
NVE melder at det er venta fleire skredhendingar som ein konsekvens av mykje nedbør.

Les også
Flaumfare både i Førde og Jølster – så mykje regn er venta
Hald deg oppdatert
NVE ber folk om å halde seg oppdatert på utviklinga av vêret, og skred- og flaumsituasjonen.
Dei ønsker også at folk held seg vekke frå bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring.
Beredskapsmyndigheitene skal vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggande tiltak.
Torsdag sa meteorolog Alexander Skeltved til Firda at det kan komme opp mot 100 millimeter regn over tre døgn. Samtidig skal vinden ta seg opp:
– Det blir stiv til sterk kuling på utsette stadar, særleg i indre strøk, sa han.
Indre strøk
Med gjeldande prognose er indre strøk mest utsett.
Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned til dalbotnetn sjølv om det løysast ut høgt i terrenget, skriv NVE.
Ifølge Yr ser det ikkje like vått ut lenger i forhold til torsdagens meldingar. I Jølster venta 15 mm regn resten av dagen, og 16 mm laurdag.
Vindstyrken skal ligge på 4-7 meter i sekundet.