NRK melder fredag morgon at regjeringa skrinlegg Stad skipstunnel.

– I forslaget til statsbudsjett vil vi gjere det kjent at vi sluttar arbeidet med Stad skipstunnel. Det blir så dyrt at vi meiner det ikkje er ansvarleg å gå vidare med prosjektet, seier Støre til NRK.

Skipstunnelen, som skulle gjere det tryggare å segle gjennom vêrharde Stad, er greia ut 20 gongar sidan 1990.

Kystverket og kommunane i området har brukt fleire hundre millionar kroner på eigedomskjøp, planlegging og tilrettelegging.

Berre MDG stemte mot Stortinget i 2021 å sa ja til Stad. Den ferske stortingspolitikaren frå partiet frå Sogn og Fjordane, Marius Dalin, har vore klokkeklar på at Stad-prosjektet er eitt av dei han er mest imot.

Rasande ordførar

Ordførar i Stad kommune, Judith Kvåle (Ap), kallar meldinga eit «brutalt slag for Stad». Ho fekk ein telefon frå fiskeri- og havbruksminister Marianne Sivertsen Næss torsdag kveld.

– I Kjøde har ei heil bygd flytta ut av heimane sine, og eg opplever Regjeringa si avgjerd som respektlaus overfor kvar enkelt av dei familiane som er direkte råka, seier Kvåle i ei pressemelding.

– Stad kommune har lagt ned svært store ressursar både i arbeidskraft og i pengar på bakgrunn av vedtaket om utbygging som vart gjort i Stortinget i 2021. No sit både vi og til dels nabokommunane igjen med rekninga, næringslivet misser moglegheit til utvikling, og eit farleg havstykke er framleis like farleg for yrkesutøvarar til sjøs, held ho fram.

Ut mot Støre

– Statsminister Jonas Gahr Støre har gjentekne gonger sagt at dersom Vestlandet lukkast, så lukkast også Norge. Då må Støre lytte til vestlendingen når vi seier kva som skal til. Stad skipstunnel er grøn omstilling og sirkulærøkonomi, og vil kunne vere eit viktig grep for å nå klimamåla.

– Eg er djupt skuffa. Men no startar budsjettforhandlingane i Stortinget, der Regjeringa skal forhandle med heile fire andre parti for å få fleirtal for eit budsjett. No set eg mi lit til forhandlingane, og at det faktisk er nokon som vil legge Stad skipstunnel i potten. Fordi regionen vår og heile kysten treng at dette viktige prosjektet vert realisert, avsluttar Kvåle.

Senterparti-representant på Stortinget, Erling Sande, er ikkje nådig han heller.

– Dette er tidenes løftebrot frå Arbeidarpartiet. Stortingsrepresentantane frå Arbeidarpartiet gjorde sterke val i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med lovnader om å kjempe for dette prosjektet. No spring dei frå løfta sine, berre veker etter valet. Vi registrerer at det finst rom for store jernbaneprosjekt på det sentrale Austlandet, men når vi endeleg skulle få eit stort prosjekt på Vestlandet, vel Arbeidarpartiet å skrote det. Landet er bygd på skipskjøl, ikkje på skjener, seier han i ei pressemelding.

Også Framstegspartiet har uttala seg svært kritiske, og kallar det «eit svik mot kysten» frå Arbeidarpartiet.

Torbjørn Vereide (Ap) seier rett ut at han ikkje er samd i regjeringa si avgjerd i saka.

– Eg forstår at Judith og fleire med blir forbanna. Prosjektet var viktig for mange. Eg hadde eit håp om at kostnadssprekken ville bli lågare. 0,4 milliardar kroner er mykje. Når det er sagt, står eg skulder ved skulder med lokalpolitikarane mine. Dette må bli kompensert, seier han til Firda.