Det er sendt ut oransje farevarsel for flaum og skred i Indre Sogn fredag og utover helga. Varselet kan du følgja med på hjå varsom.no.

På grunn av mykje vatn i terrenget etter Amy og meir nedbør kan det bli stengde vegar særleg på Nord-Vestlandet, melder Statens vegvesen.

Fredag kveld er farevarselet oppgradert frå gult til oransje for Indre Sogn.
Foto: Varsom.no

– På grunn av allereie fulle elvar og at det kjem meir nedbør, er det fare for jord- og flaumskred fredag kveld og natt og utover dagen laurdag, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Laurdag kveld og utover natta vil det avta og Fossheim tilrår dei som er på reise i samband med haustferien om å venta med heimreisa til søndag.

Trafikantar i Møre og Romsdal og Trøndelag bør vera ekstra merksame grunna mykje regn og vind i helga.

– Mykje overvatn og vindfall kan koma brått på og utsette streknigar som bruer, undergangar og fjellovergangar kan bli påverka eller stengde på kort varsel, seier Fossheim.

E16 mellom Bergen og Voss er stengt frå laurdag klokka 07.00 til sødndag klokka 12.00. Omkøyring er mogleg via fv. 49 og fv. 79, vert det opplyst.

Oppdaterte vegmeldingar finn du på 175.no