Det er to unge menn som har gått seg fast i fjellet ved Veslehaugen. Dei har mista stien og oppheld seg i bratt terreng.

Vest politidistrikt melder at redning er i sett i verk og frivillige er kalla ut.

Hovudredningssentralen har blitt kopla på. Klokka 22.20 er status at det førebels ikkje vert sett inn helikopter i aksjonen.

– Per no ser det ut til at ein klarer å løysa det med bakkemannskap, seier Kjetil Hagen hjå Hovudredningssentralen for Sør- Noreg.

Ikkje godt kledde

Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt seier ved 22.30-tida at mennene sjølve melde frå om at dei hadde vanskar.

– Me fekk melding klokka 20.14. Dei hadde mista stien, det var mørkt og glatt. Dei følte dei stod faste og var redde for å bevega seg vidare i terrenget.

Kjenner posisjonen

Johannessen opplyser at dei to ikkje er norske og er ikkje særleg godt kledde.

Frivillige frå mellom anna Røde Kors er kalla ut og i tillegg mannskap frå norske alpine redningsgrupper, Narg.

– Mennene var på veg til Storehogen, men har gått seg fast i området ved Veslehaugen.

Operasjonsleiar seier mennene varsla om kvar dei er og planen er å få dei ned i løpet av kvelden.