Det tyder altså at det mykje omtala prosjektet no er i gang.
– Målet vårt er å starta arbeid i tunnelen i september 2026. No må interesserte entreprenørar melda si interesse for å vera med i konkurransen inanan 17. november, seier prosjektleiar Susanne Svardal.
Buss for lokale
Oppgraderingsarbeidet har vore gjenstand for årelang debatt ettersom vegvesenet i utgangspunktet ville stenga tunnelen heilt gjennom heile anleggsperioden.
Etter store protestar frå fleire av lokalsamfunna i Sogn og ei rekkje ulike samfunnsaktørar, både offentlege og private, vat det vedteke at tunnelen vert nattestengd mellom 18.00 og 06.00 dei første to åra medan sprengingsarbeidet går føre seg.

Lærdalstunnelen skal utbetrast.
Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
– For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med to avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vera mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse, heiter det i meldinga.
På dagtid kan entreprenøren utføra arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vera open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.
Fleire rundar
– Når sprengingsarbeidet er ferdig etter om lag to år, vil talet timar med nattestenging kunne reduserast gradvis, seier prosjektleiar Svardal.
Hausten 2029 skal oppgraderinga vera ferdig.
Sidan Lærdalstunnelen er ein såpass viktig transportveg aust-vest, med tilførsel til riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell, er det bestemt at Lærdalstunnelen skal haldast open på vinterstid når Hardangervidda er stengd under uvêr.
Arbeidet som no vert lyst ut er ein utførelsesentrepreise, gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Det vil seia at Vegvesenet går fleire rundar med dei interesserte entreprenørane for å optimalisere tilboda, før endelege tilbod blir leverte inn våren 2026.

Susanne Svardal, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Foto: Silje Vindedal
145 naudtelefonar
Om lag 100.000 kubikkmeter stein skal sprengjast ut i tunnelen, for å byggja nye havarilommer, snunisjar og nye tekniske bygg.
28 nye tekniske bygg skal på plass, to av desse ute i dagen. I tillegg skal det sprengjast ein ny ventilasjonstunnel ved sida av den gamle ut mot Tynjadalen, og nye sjaktventilatorar skal installerast.
Alt av teknisk utstyr skal skiftast ut og oppgraderast til å oppfylla dagens standard, og tunnelen får mellom anna 145 nye naudtelefonar installert. Eksisterande elektroteknisk anlegg skal vera i drift i heile anleggsperioden, og når det nye anlegget er testa og godkjent, skal det gamle koplast frå, vert det opplyst.
Det skal også gjerast mindre utbetringstiltak på dreneringsanlegget i tunnelen, og det skal byggjast nytt sedimenteringsanlegg for vaskevatn på begge sider av tunnelen.