Daglegvarekundar i regionsenteret, og det er vel dei fleste, ligg an til å få mykje å velja i om nokre år. Frå før er det kjent at Kiwi planlegg å etablera seg i Stedjevegen og at Spar har lyst inn i det nye Guro Ness-kvartalet.

Dette kjem i tillegg til Meny, to Coop Extra og to Rema 1000-butikkar som allereie er etablerte i bygda.

I ei pressemelding frå Einarsen Eigedom, Rema 1000 og kjem det fram at Reitan-familien sitt flaggskip har signert ein intensjonsavtale med Sogndalsporten Utvikling om å bli leigetakar på Billagstomta midt i Sogndal sentrum.

Det blir i så fall den tredje Rema 1000-butikken i Sogndal.

– Med ein ny butikk på Billagstomta sikrar me oss den beste plasseringa for handel i sentrum – med parkering under tak, bussterminal og god tilkomst, seier etableringsdirektør Magne Jan Vik i Rebus Handelseiendom i pressemeldinga.


Opning 2028/2029

Jan Arild Byttingsvik i Rema 1000 dreg fram at kjeda er den einaste aktøren i Sogndal med lokaleigde butikkar.

– Det meiner me er viktig for å sikra at mest mogleg av det kundane handlar for blir lagt igjen i bygda.

Dei to remabutikkane som alt finst i Sogndal, Rema 1000 Sogndal og Rema 1000 Amfi Sogningen, vert drivne av høvesvis Mona Lie og Thorbjørn Myklebust. Begge busette i Sogndal.

Den planlagde daglegvarebutikken er den første leigetakaren som vert offentleggjort i det som gong på gong har vore omtala som indrefileten i Sogndal.

Det er ikkje kjend kva andre verksemder som er venta å flytta inn i kvartalet, men i pressemeldinga vert både apotek, frisør, butikkar, treningssenter, kiosk og bakeri nemnd som moglegheiter.

Bussterminalen, som i dag har om lag 1000 på- og avstigande passasjerar dagleg, vil med dei nye tilboda kunna få mellom 2000 og 3000 besøkjande dagleg når alt opnar.

Byggjestart er planlagd i 2027, og den nye butikken skal stå klar for opning i løpet av 2028/2029.


– Ser veldig bra ut

– Eg tel meg fram til at dette blir den åttande daglegvarebutikken i Sogndal om nokre år. De har tydelegvis trua på potensialet i Sogndal?

– Me har trua på at både Sogndal og Rema er i vekst og dette prosjektet har me ståltru på, slår regionsjef i Rema 1000, Jan Arild Byttingsvik fast og understrekar at dei to butikkane som kjeda alt har i bygda, går særs godt.

– Så du er ikkje bekymra for at det blir for mange butikkar på eit lite område?

– Hadde eg lett for å bekymra meg kunne eg ikkje drive med daglegvarer, humrar Byttingsvik og held fram:

– Dette prosjektet ser veldig bra ut. Me jobbar godt i tospann med Einarsen.

Lokalt eigarskap

Det tykkjer Frode Einarsen, utleigeansvarleg i Sogndalsporten Utvikling og CEO i Einarsen Eigedom òg.

– Alle dei fire store kjedene i landet fekk anledning til å vurdera prosjektet og gje tilbod på leige av lokala. Etter ei samla vurdering av konsept, leigepris og merkevare landa styret på at Rema 1000 var rett leigetakar, fortel han.

Som Byttingsvik dreg han fram det lokale eigarskapet som ein viktig faktor.

– Rema 1000 driv på franchise, der ein lokal kjøpmann eig og styrer butikken sjølv. Dette gir ei heilt anna lokal verdiskaping enn ein filialbutikk med hovudkontor i byen. Sogndal treng fleire lokale bedrifter. Me er glade for å ha fått med ein solid og lokalengasjert aktør som første leigetakar i prosjektet.

Einarsen minner òg om folkemøtet i Sogndal kulturhus førstkomande onsdag, der prosjektet og planane for Billagstomta vil bli presenterte.