Hadde du spurt meg om kva mine topp tre idrettsaugneblink før 2. oktober, hadde lista sikkert sett slik ut:
- 7. mai 2019: Liverpool – Barcelona (4-0).
- Å sjå Norge ta bronse i beachvolleyball OL i Paris.
- Då Liverpool vann Champions League 2018/19.
No må eg revurdere den lista.
Fordi eg ikkje er sikker på om eg nokon gong kjem til å oppleve noko liknande igjen som det eg har vore vitne til desse ti dagane.
Tok du ikkje turen til Førdehuset i løpet av VM, kan du angre.

OPNINGSSEREMONI: Starten på VM var eit frampeik på korleis det ville ende: fullsett hall.
Foto: André Jonassen
I Førde kunne ein merke at det skjedde noko. Langs E39 hang det lilla flagg på rekke og rad, på Tangen i sentrum sør var det sett opp Vikinglandsby og utanfor Elvetorget var det storskjerm og telt.
Men det var i Førdehuset det skjedde. I ein idrettshall der «alle» har ei eller anna historie frå gymtimen, handballtreninga eller nattcup. No var den ikkje til å kjenne igjen.
Tribunar med plass til over 1000 tilskodarar, kamera, ekstremt store TV-skjermar og i midten: Ei scene forma som eit vikingskip. Det kjendest stort.

KONGEN: Det blei ekstra stort då kongen kom på besøk.
Foto: Ina Christin Løvseth
Eg var spent på korleis sunnfjordingane kom til å ta imot verda desse ti dagane, for førdianarar er kanskje kjende for å like seg best heime. Vektløfting er heller ikkje den mest populære sporten nasjonalt.
Dei første dagane eg var i salen var det ikkje så mange, men eg vart likevel positivt overraska. Og det merkast at jungeltelegrafen jobba på. Det kom berre fleire og fleire jo lenger inn i meisterskapen. Torsdag, fredag og laurdag var det utselt – kvar einaste dag såg eg «Nokon som har billett?» -postar på Facebook.
Eg er imponert over kor flinke folk har vore til å møte opp. Til å heie – også når ingen norske var med. Det er også det dei tilreisande Firda har snakka med tek med seg.
Men dette hadde aldri gått hadde det ikkje vore for over 800 frivillige. Dei som har stått parkeringsvakt utanfor Førdehuset i høljregn, dei som har vore guidar for å vise dei tilreisande vår flotte natur, dei som har vore billettvakter og dei som har passa på at det er rett vekt på stonga. Det har vore smil og glede – og stoltheit over å vere ein del av dette flott arrangementet.

FOLKEFEST: Noko som imponerte meg mest er alle dei som faktisk tok turen ut til teltet ved Elvetorget torsdag og fredag.
Foto: Marius Rødseth Berg
Vektløfting er ein liten sport i Norge. Vi i Sunnfjord har fått ein kjærleik for den på grunn av ein mann: Stian Grimseth.
Det er sjølvsagt fleire personar enn Grimseth som skal ha ære for at dette gjekk så bra, men dette hadde ikkje skjedd utan han. Sidan 2019 har han jobba målretta for VM, ein draum han lanserte kort tid etter eit vellykka EM i 2016. Sidan då har det blitt jobba hardt i kulissane for å sikre eit så godt meisterskap som mogleg. Som ein australsk vektløftar-veteran skreiv i ein SMS til Grimseth; «the best event ever produced.» Og dette gjer han utan nasjonal krisedekning med fyll og bråk, men med gratis familieshow i sentrum. Han viser også at det er mogleg å gjennomføre eit VM i Norge utan å gå i kraftig underskot.
Dette er mogleg, rett og slett på grunn av hans genuine kjærleik til sporten.
Og så må det nemnast: Kongedagen. Dagen då Solfrid Koanda tok VM-gull på heimebane. Framfor 1700 heiande publikumarar, inkludert kongen og statsministeren. Det var umogleg å vere nøytral journalist på jobb då. Det var rett og slett magisk.

GÅSEHUD: Eg får framleis gåsehud av å berre tenke på dette augeblinken.
Foto: Sanne Slåtten
Så om du spør meg no kva mine topp tre idrettsaugneblink er, ser den slik ut:
-
7. mai 2019: Liverpool – Barcelona
-
VM-gull til Solfrid Koanda i Førdehuset.
-
Å sjå Norge ta bronse i beachvolleyball OL i Paris.
Alt i alt trur eg det einaste nokon kan ta oss på, er éin ting: Vêret. Kanskje nokon synest det var litt eksotisk?
Om du nokon gong du har ein idé som du trur er litt for stor for Førde og Sunnfjord bør du spørje deg sjølv: Kva ville Stian Grimseth gjort?