Regjeringa skal bruke 437 millionar kroner til ei ny ordning der innbyggarar i fleire distriktskommunar skal kunne søke om å få slette 25.000 kroner frå studielånet årleg i tre år.

Ordninga har vore mykje omsnakka, og i dei tidlegare fasane var 189 kommunar innlemma i forslaget. Klokka 10:00 la Jens Stoltenberg (AP) fram statsbudsjettet, og der er det klart at denne lista har fått eit kraftig kutt.

Berre dei 88 minst sentrale kommunane har blitt valde ut. Blant dei finst ikkje Sunnfjord kommune, som først vart førespegla å vere med. Heller ikkje Gloppen eller Kinn klara seg gjennom kuttrunden.

Derimot er ei rekke andre kommunar i regionen med:

  • Askvoll
  • Bremanger
  • Fjaler
  • Gulen
  • Hyllestad
  • Høyanger
  • Solund

Her kan du lese om korleis ordninga først blei presentert: