Det var ein stor skuf­felse å høyre at lan­dets stats­mi­nis­ter på riks­dek­kande TV kunn­gjorde i for­kant av fram­leg­ginga av stats­bud­sjet­tet for 2026, at regje­ringa vil skrin­legge byg­ginga av Stad skips­tun­nel.

Men det var dess­verre ikkje heilt uventa frå ein dist­rikts­fi­endt­leg AP-regje­ring som er meir opp­tatt av det som skjer utan­for lan­dets gren­ser og i sent­rale aust­lands område, enn det som skjer her på Vestlandet.

Å komme med denne kunn­gje­ringa før Kyst­ver­ket er ferdig med å for­handle fram ein ende­leg pris med ent­rep­re­nø­rane, viser ein stats­mi­nis­ter som er både respekt­laus og arro­gant over­for del­ta­ka­rane i anbods­pro­ses­sen til Stad skips­tun­nel.

Det er også respekt­laust over­for alle i Kyst­ver­ket og dei lokale kref­tene som har jobba for dette pro­sjek­tet i mange år.

Stad skips­tun­nel er det vik­ti­gaste pro­sjek­tet for å sikre ein sikker ferd­sel langs kysten vår i nyare tid og vil sette ein stan­dard for vidare arbeid med å utbetre skips­leia langs heile kysten.

Vi har altfor lenge satsa berre på veg og jern­bane i det sent­rale aust­lands­områ­det og neg­li­sjert sat­singa på ei sikker farlei langs kysten, slik at vi kan få hur­tig­bå­tar som går mellom dei større byane langs heile vestlandskysten, og få ei sikker farlei for fis­keri og opp­dretts­næ­ringa.

Men vi KAN ikkje gi opp Stad skips­tun­nel no, dette pro­sjek­tet må rea­li­se­rast.

Vi i Frp har ikkje gitt opp håpet om å rea­li­sere Stad skips­tun­nel, og vi er tyde­lege på at Frp ønsker at anbods­pro­ses­sen skal full­fø­rast, slik at vi får på bordet den ende­lege prisen.

Først då kan vi få eit rea­lis­tisk bilde over kost­na­dene og jobbe vidare for å rea­li­sere Stad skips­tun­nel.

Vi for­ven­tar at dei andre bor­gar­lege partia sender same signal som Frp og  gjer si støtte til rea­li­se­ringa av Stad skips­tun­nel som dei lova i val­kam­pen.

«Regjeringa sviktar ein heil landsdel»