Det er kald, bitter og mørk vinter i Seattle. I grunge-hovudstaden, vaknar du frå torpor, den livlause stillstanden ein stake gjennom hjartet fører med seg. Di første akt er å bryte maskeraden, ei nær heilag pakt alle vampyrar må følgje. Maskeraden er lovnaden om at ingen skal vite kva som skjer i skuggane. Skal ein unngå at menneska vaknar, og innser kva som jaktar dei, er ignoranse det beste våpen.
Vampyrar som bryt maskeraden får ei enkel straff: døden.
Litt om og men seinare får du likevel behalde ditt vandøde liv, og endar opp som sheriff i storbyen. Med fritt leie fartar du mellom nattklubbar, snodige sjapper styrt av eit eklektiske ensemble av vampyrar, og det nesten patetisk overdådige bygget der prinsen sjølv bur.
Vi spelar den eldgamle vampyren Phyre, og vi får velje mellom mann og dame. Du får ikkje bygge din eigen figur, men du får velje vampyrklan. Det er eit mylder av ulike vampyrklanar i Vampire: The Masquerade-universet, og alle kjem med ulike eigenskapar, men i Bloodlines 2 får vi berre velje mellom seks.
Dette bør kome som ein nedtur på dei som har spelt rollespelet Bloodlines-spela er baserte på, men spelet gjer likevel ein god jobb med det som er her.
Samtalene er eit stemningsfullt høgdepunkt.
Øystein Furevik/Gamer.no
To for prisen av ein
I rolla som Phyre må du på oppdrag frå prinsen rydde opp i Seatlle. Diverse vampyrar rundt om i byen har òg oppdrag til deg, kanskje å levere noko, eller kanskje å snuse ned ein kjeltring som må bøte med livet.
Det er likevel noko langt større på gang i Seattle. Det er konflikt mellom forskjellige fraksjonar, og nokon ser ikkje ut til å bry seg like mykje om maskeraden som andre. I tillegg er det ein serie med bestialske drap som byrjar å bre om seg. Offera er spidda av armeringsstenger køyrde ned i jorda, hovuda er rivne av, og eit unikt krusifiks heng om halsen deira.
Det er ei utfordrande oppgåve som blir enda meir spanande av at spelet hoppar i tid. Phyre er ikkje aleine i spelet, i hovudet sitt har han Malkavian-vampyren Fabien som pratar med deg gjennom spelet. Når Phyre legg seg for dagen, hoppar vi tilbake i tid, både til nylege hendingar før Fabiens tilsynelatande død og atteroppstanding i Phyres hovud, men òg 100 år tilbake i tid, til den glade depresjonen.
Det er eit utruleg artig grep, og eg likar nesten betre å spele som Fabien enn som Phyre fordi reisa hans er så utruleg godt skriven. Phyres vampyrkreften handlar ekskulsivt om rå styrke i kamp, medan Fabiens handlar om å manipulere folk for å få den informasjonen han vil ha. Du skjønar, Fabien er ein god, gammaldags privatetterforskar med tørr sarkasme og rå forakt for å ta noko som helst meir alvorleg enn han absolutt må.
Byen er kanskje ikkje så står, men kartet kjem godt med likevel.
Øystein Furevik/Gamer.no
Rollespel eller ei?
Fabien kan gjere seg ven med dei han snakkar med for å få dei på gli, han kan studere tankane deira, og han kan slette det siste som skjedde, slik at dei ikkje hugsar. Desse eigenskapande kan kanskje manipulerast litt vel mykje. Eg kunne til dømes gjere meg til ven om att fleire gongar med same person sidan eg svara feil, og det vitnar om at spelet manglar konsekvensar for feil framgangsmåte, samt alternative framgangsmåtar.
Den kanskje beste eigenskapen til Fabien er likevel når han snakkar med ting som strengt tatt ikkje er i live. Han kan ein og annan gong snakke med eit ferskt lik, men og med gjenstandar. Sistnemnde har naturlegvis ikkje eiga stemme, men snakkar gjennom fantasien til Fabien, og det er Fabiens eigen skodespelar som gjennom vanvittig bra skodespel vekkjer alle desse fysiske tinga til live, med sine dialekter, tonefal og personlegdom.
Det er slike småting som dette som gjer ei oppleving minneverdig, og det er berre toppen i eit spel som er skikkeleg godt skrive.
Der ligg likevel eit ørlite nøkkelord for kva du har i vente. Dette er eit forfatta spel med ei svært tydeleg handling. Eg leika meg gjennom dialogane, og ein får verkeleg kjensla med enkelte at korleis ein ordlegg seg kan styre deira syn på deg, men eg fekk aldri kjensla av at dette er eit rollespel. Som eit spel direkte basert på eit av dei eldste og mest anarkjende bokrollespela i historia, er det ganske synd.
Det vi får er i staden eit eventyr fyllt av interessante personar og dialog, men og eit eventyr som fortel deg kvar du skal vere, når du skal vere der, og korleis du kjem deg dit.
Eg synest på ingen måte det er dårleg. Eg har kosa meg meir med dette spelet enn med mange vaskekte rollespel, men det er likevel verdt å merke seg at rollespelelementa er få.
Å gli over byen er vanvittig moro.
Øystein Furevik/Gamer.no
Som ein fugl
Om eg skal setje fingeren på kva som er den verkelege hovudpersonen i Bloodlines 2, er det sjølve byen, Seattle. Den er isande stemningsfull, mørk, og med snø i lufta som saman med den dunkle og mørke noir-inspirerte musikken skapar eit perfekt bakteppe for ei historie om vampyrar. Dei mange vampyrane vi møter er eit anna massivt trekkplaster. Dei er uvanleg godt skrivne, og er genuint interessante i eit scenario eg gjerne vil grave meg djupare ned i. Utviklarane har verkeleg fått fram kor ulike dei er, kor sexy dei er, kor arrogante dei kan vere, og ikkje minst kor farlege og likegyldige ovanfor menneske dei kan vere.
Korleis du navigerer deg gjennom denne byen er eit anna høgdepunkt. Sjølv om du må vere noko forsiktig når du vandrar gatelangs, er du ein fri fugl så snart du snik deg inn i skjulte krokar. Med enorm fart kan du klatre opp ventilasjonssjakter, varmpepumper og branntrapper. Før du veit ordet av det er du på taket, og du kan springe og hoppe frå tak til tak med ein fart og ein eleganse som får Assassin’s Creed til å framstå som ein dårleg vits.
Det er likevel ein litt tom by. Det er mange folk som vandrar gatelangs, men alle bilar står i ro, sjølv om eg kan banne på at eg høyrer motorduren i det fjerne. Dei få stadane du kan besøke er òg tydeleg merka i raudt på kartet. I tillegg er eg ikkje heilt overbevist over korleis utviklarane har valt å la deg drikke blod.
For Fabien har utviklarane gjort det riktig, han har blodgjevarar han går til og ber om ein liten tår. For Phyre er det verre. Han må sjå etter dei med sitt vampyrsyn, og gjerne slå av ein kort prat for å få dei til å følgje han inn i eit smug. Det er tregt og keisamt, og eg skjønar ikkje heilt kvifor ein mektig vampyr ikkje er i stand til å få det til å sjå ut som om berre klinar med nokon.
Kampar kan vere stor moro, sjølv om dei får eit litt for stort fokus.
Øystein Furevik/Gamer.no
Alle må dø
I kamp er du eit monster. Du kan gli ned mot fiendar og drepe dei i det du treff bakken, teleportere deg bak dei for å drikke dei tomme for blod, kappe av hovuda frå avstand, og enormt mykje meir avhengig av kva klan du valde i starten. Nye eigenskapar kan låsast opp frå ulike klanar, og du får etter kvart eit stort reportoar å velje mellom, sjølv om du berre kan ha fire aktive eigenskapar.
Likevel er kanskje fokuset på kamp litt stort. Når du skal ta deg inn ein stad kan du banne på at ein bande med Anarch Ghouls ventar, gjerne med ein diger jævel attåt. Når du spring over hustaka vil garantert nokre av dei kry av fiendar. Fokuset på kamp er hakket for stort, og det er ikkje alltid like moro. Eg vil vere mektig, gli inn og knuse fiendar kjapt, men Bloodlines 2 endar fort opp som eit generisk actionspel, og sender deg mot bølingar på fem eller seks fiendar om gongen.
Vidare er det litt snodig korleis spelet med sitt store fokus på kamp ikkje lar deg bruke våpen. Du kan plukke opp døde fiendars våpen med rein tankekraft, men du får berre bruke dei ein gong før du kastar dei frå deg, og dei blir bort?
Kvifor kan eg ikkje halde ein kniv eller eit balltre i handa mi? Det gir ikkje meining. Eg synest likevel det i praksis fungerer fint slik det er gjort. Å drepe ein fiende betyr ofte at du får tilgang på noko som kan hjelpe deg vidare, men det er vanskeleg å slå av den delen av hjernen som fortel meg at eg har to fungerande hender som kunne blitt brukt betre.
Dei ulike personane kjem godt fram, gjennom både manus og skodespel.
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Det er vanskeleg å spå korleis publikum vil reagere på Vampire: The Masquerade – Bloodlines 2. Eg vil tippe det blir fleire fraksjonar her, akkurat som i Seattle. Nokon vil avsky det fordi det ikkje held seg mot tradisjonane og leverer eit skikkeleg rollespel, andre vil rose det for å tenkje annleis.
Mange ting kunne ha vore betre, men det stoggar ikkje spelet frå å vere eit sabla bra eventyr. Det er historia som er i fokus her, og den er skikkeleg underhaldande. Eg elskar denne byen. Eg elskar folka i den, og det er sjeldan vi får spele spel med så tydelege figurar, så god dialog, og så tydeleg identitet.
Å hoppe fram og tilbake i tid er eit sjakktrekk som stadig gir oss nye trådar og nye spor, og det passar perfekt til spelets tydeleg film noir-trekk.
Etter mitt syn kunne utviklarane hos The Chinese Room fokusert enda meir på historia. Dei kunne redusert kampane, og gjort makta til ein vampyr til eit sjeldnare element som berre kjem fram når ein må. Eg skal likevel ikkje klage, dette er eit knallsterkt eventyr med vampyrar i hovudrolla, og dei har vi ikkje for mange av.
Vampire: The Masquerade – Bloodlines 2 kjem i sal for PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Steam 21. oktober.