Det seier han til NRK søndag kveld.

– Vi tar på alvor dei tydelege tilbakemeldingane vi får frå grasrota. Vi ønsker å finne ei løysing på desse sakene i budsjettforhandlingane, seier Vestre.

Sidan budsjettforslaget til Arbeidarpartiet blei presentert onsdag, har han og statsminister Jonas Gahr Støre vore i skotlinja til og med blant sine eigne.

Vestre kjem nettopp frå eit oppheita møte i Vestland Ap, der fleire gjekk opp og uttrykte stor frustrasjon over å ha blitt gjort til løgnarar av sine eigne leiarar.

I valkampen lova Arbeidarpartiet å halde på gratisferjer og ordninga som var varsla med sletting av studiegjeld.

I budsjettforslaget var det ikkje lenger gratis ferjer, og studiegjeldordninga blei kutta med nesten 100 kommunar. Innbyggarane i Kinn, Sunnfjord, Gloppen og Sogndal var til dømes ikkje inkludert lenger.

– Ein må kunne stå inne for det ein seier i valkampen. Det er forferdeleg pinleg, og smått uforståeleg, at vi er i denne situasjonen no. Det kunne vore unngått. Eg vil kalle det amatørskap. No må vi lokalt bygge opp tillit att frå botn av, sa Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik (Ap) til Firda laurdag.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum har sagt at regjeringa må ta ordninga inn att før det i det heile er aktuelt å sitte ved forhandlingsbordet.

No ser det altså ut som han kan få vilja si.