– For eit engasjement! Eg er imponert og rørt over innsatsen for årets TV-aksjon. Bøssebærarar, frivillige og gjevarar over heile landet har bidrege til at Atlas-alliansen no kan hjelpa endå fleire menneske med funksjonsnedsetjingar, seier Marit Sørheim, dagleg leiar i Atlas-alliansen i samband med TV-aksjonen søndag.

Bøssebærarar over heile landet samla inn 61 millionar kroner gjennom å banka på dører. 26,5 millionar av desse var kontantar, resten kom via Vipps, skriv tv-aksjonen på heimesida.

Rekord i fjor

Så langt er det samla inn 238 millionar kroner. I snitt er bidraget per innbyggjar i Noreg 44 kroner g det er framleis mogleg å gje. Det endelege resultatet vert klart i desember. I fjor gjekk TV-aksjonen til Barnekreftforeningen. Då vart resultatet 415 millionar innsamla, noko som er rekord for tv-aksjonen.

I Vestland er det Modalen som ligg høgst med 252,76 innsamla kroner pr innbyggjar, følgd av Eidfjord, Solund, Fitjar og Austevoll før Aurland hamnar på ein sjetteplass.

Slik var gjevargleda i Sogn:

Meir gjevarstatistikk kan studerast på denne nettsida.