Klokka 14.36 vart det meldt om mogleg brann i ein buss i Flenjatunnelen på E16 mellom Flåm og Gudvangen.
Naudetatane rykte ut til staden.
Det var Statens vegvesen som melde frå om forholdet til politiet, då det vart observert røyk i tunnelen på kamera og ein buss inne i tunnelen. På kameraet kunne ein også sjå at passasjerane hadde kome seg ut av bussen og at dei stod inne i tunnelen.
– Så langt er det ikkje meldt om nokon som er skadde, opplyser politiet.
Klokka 14.47 var brannvesenet framme på staden.
– Det er ingen brann, men ein kjøleslange som er øydelagt og vassdamp har kome ut. Det blir jobba med å undersøkja om bussen er køyrbar, opplyser politiet.
Bussen fekk problem om lag to kilometer inne i tunnelen, frå Flåm-sida.
Flenjatunnelen var stengd ei stund. Det var også Gudvangatunnelen og Fretheimtunnelen.
Siste: Alle dei tre tunnelane er no opne igjen.
Sogn Avis oppdaterer saka.
Les meir om: artikkelemnene