Før valet stod KrF i Agder tydeleg på løftet sitt: Tannhelsetenesta skulle vere desentralisert og tilgjengeleg der folk bur. Det står svart på kvitt i partiprogrammet – «KrF vil arbeide for et desentralisert tannhelsetjenestetilbud», men no, to år etter valet, foreslår KrF, Høgre, Venstre og Frp å leggje ned 15 av 28 tannklinikkar i Agder. Det betyr at over halvparten av tilbodet forsvinn – og det er distrikta som blir ramma aller hardast.
Senterpartiet står fast ved det vi sa før valet: Vi kjempar for at folk skal ha tannhelsetilbod der dei bur. Dette handlar ikkje berre om geografi – det handlar om tryggleik, helse og rettferd. Når reisevegen blir lang, blir barrieren for å kome seg til tannlegen endå større for mange. KrF, Høgre, Venstre og Frp foreslår å «privatisere» klinikkar som eit slags kompromiss. Men det er i røynda ei nedlegging forkledd som privatisering. Når det offentlege trekkjer seg ut, finst det inga garanti for at private aktørar vil etablere seg. Det er ikkje eit reelt alternativ for folk flest.
KrFs snuoperasjon svekkjer tilliten til politikarar som seier éin ting i valkampen og gjer noko anna når makta er fordelt. Vi meiner at tannhelse er ein del av det offentlege helseansvaret, og at det skal vere likeverdig – uansett kvar i Agder du bur. Folk fortener politikarar som står opp for løfta sine – også etter valet. Me vonar fylkespolitikarane i KrF lyttar til sine lokalpolitikarar og medlemmer, og snur i denne saka.