Onsdag den 29. oktober kjem helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Lærdal. Edith Eide og Irene Navarsete har i samband med det sett opp to bussar frå Sogndal til Lærdal så dei som vil kan delta på markeringa for å verna om barsel- og ortopediavdelingane på sjukehuset.
– Det er beundringsverdig at Bente Øien Hauge og den aksjonsgruppa er i sving att, tjue år sidan fyrste gongen. No dreg dei lasset ein gong til. Dette er lokalsjukehuset vårt også, så me ynskjer at folk på denne sida av fjorden deltek på arrangementet, seier Eide.
Vil at alle skal vera med
Edith Eide og Irene Navarsete har kjent til kvarandre frå før, men er ikkje i same omgangskrets. Dei fann i lag då Navarsete tok kontakt med billaget om å setta opp buss.
– Då fekk eg høyra at Edith alt hadde tatt kontakt med dei, og at det var to bussar med sjåfør på plass. No vil me at alle skal vera med på dette, bussen er gratis også, seier ho.
– Me må jo seia at Tide har gjeve oss eit veldig godt busstilbod, og me har fått sponsorar til å vera med. Det er me veldig glade for, seier Eide.
Går også buss frå Årdal
Til no har er det planlagt to bussar, med 94 plassar. Bussane skal køyra fram så nær sjukehuset som mogleg, deretter må dei rusla siste biten.
– Me må avklara litt nærare med dei som Tide, me reknar med å delta ei times tid på arrangementet i idrettshallen før me reiser heim at dei skal gå heim att når me er ferdig, seier Eide.
For å melda seg på bussturen må ein kontakta anten Edith eller Irene. Det er fyrstemann til mølla for plass på bussane.
Det vert samling framfor sjukehuset med song og opprop til helseministeren.
Foto: Silje Vindedal, arkiv
– Me har vore i kontakt med dei i Luster, men om dei ikkje får til noko på eige initiativ, er dei hjarteleg velkomne til å vera med oss på bussane. Det gjeld dei frå alle plassane rundt Sogndal også. Dei må berre komma, om det blir mange kan det henda me får sett opp ein til buss. Dette lyt me berre få til, seier Navarsete.
Årdal kommune har også sett opp bussar som skal gå til markeringa i Lærdal.
Om noko skulle gå gale
Eide og Navarsete er tydelege på at regionen har behov for Lærdal sjukehus.
– Dette er eit regionsjukehus for heile Indre Sogn, og ortopediavdelinga vert nytta av folk frå heile landet. Barselavdelinga er også viktig. Den omsorga og tida ein kan få på Lærdal sjukehus er viktig i forhold til kvinnehelse. Kvinnehelse har ikkje stått i høgsetet når det gjeld helse sektoren. Det viktig at me vernar om to unike avdelingar på Lærdal sjukehus, seier Eide.
Dei trekkjer fram at sjukehuset er beredskapssjukehuset om noko skulle gå gale i regionen. Eide og Navarsete er redd for at dette berre er starten på ein prosess for at heile sjukehuset i Lærdal skal forsvinna. Navarsete trekkjer også fram dei om lag 50 arbeidsplassane som vil gå tapt.
– Arbeidsplassane strekkjer seg utover i regionen, og det er ikkje berre berre for dei å skaffa seg ny jobb. Ein kan ikkje akkurat pendla frå Lærdal til Førde for å jobba, det blir jo krise.
– Lyt støtta opp
For Navarsete og Eide er det openbert at dei i regionen skal bry seg om Lærdal sjukehus.
– Det er vårt lokalsjukehus, og er det næraste me har om noko skulle skje, seier Eide.
– Enkelt og greitt. Saka gjeld både barn, barnebarn, eldre og alle. Det er ikkje hjelp i å sitja heime og tenkja at nokon andre kan ordna dette. Me lyt støtta opp om dette sjukehuset som me har, seier Navarsete og Eide.