Eg har vore tilsett som sjukepleiar på medisinsk avdeling/overvåkningen på Lærdal sjukehus sidan 1987. Eg har vore med på alle omorganiseringar sidan dess og erfart at ikkje alt er til pasientens (eller personalets) beste.

Forslaget om å flytte all ortopedisk aktivitet til Førde og avvikle all skadepoliklinikk ved Lærdal og Nordfjordeid, er nok det mest inngripande forslaget, og vil på sikt føre til avvikling av heile sjukehuset og innebere eit svært dåleg helsetilbod i regionen.

Det var nok neppe dette Christophersen hadde sett føre seg då han for snart 100 år sidan såg behovet for eit sjukehus om dårlege pasientar skulle overleva lang transportveg til sjukehus.

Parallellen no med stengde vegar og tunnelar, er ikkje so fjern. Forskjellen i dag er at det ikkje trengst å byggje eit sjukehus her, men forhindre at sjukehuset vårt blir nedlagt.

Om forslaget til nedlegging blir vedteke, vil beredskapen bli svekkja. Ved ulukker og traume er stabilisering og rask behandling avgjerande for utfallet til pasientane. Det kan gå liv og helse tapt utan ortopedisk vaktberedskap. Det er mykje gjennomgangstrafikk og turistar i Lærdal spesielt om sommaren.

For å forklare og bortforklare dagens økonomiske situasjon i føretaket, er det vorte vist powerpointar med tal, utrekningar, diagram, analysar, prisar og statistikkar. Det som ikkje kjem fram i denne utgreiinga, er det menneskelege. Ein gløymer at bak desse tala er menneske med skader og smerter. Det er ikkje målbart korleis det kjennest ut å bli frakta mange timar i ein ambulanse, drosje, privatbil med sterke smerter, hjerneristing, ei skulder ut av ledd, eller eit ustabilt brot.

Pasientane er vorte ei vare. I staden for behandle dei lokalt, må dei sendast som ei pakke til Førde, for det er mest økonomisk. (og praktisk?)!

Kva er det menneskelege i det? Og er det ikkje pasientane som skal stå i fokus, er det ikkje dei me er tilsette for å behandle og hjelpe.

Eitt anna kuttforslag er å vurdere prehospitale tenester i ambulanseområda. Dette verkar noko sjølvmotseiande når forlaget er å flytte all ortopedisk verksemd til Førde.

Som ein bisetning er eit av Miljømåla til Helse Førde, å redusere CO₂ utsleppa med 40 prosent innan 2030. Korleis er dette mogleg når trafikken blir større?

Bevar eit berekraftig sjukehus i Lærdal slik det er i dag!