Tidlegare stortingsrepresentant og ordførar Alfred Bjørlo blir dagleg leiar for den nyoppretta næringsstiftinga Drivkraft.

Det kjem fram i ei pressemelding.

Drivkraft er etablert av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med ein startkapital på 100 millionar kroner. Stiftinga har som mål om å vere ei kraft for nyskaping og innovasjon i næringslivet.

– Eg er glad for tilliten til å setje retning og fart på Drivkraft frå starten av, seier Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

Drivkraft skal etter planen vere i ordinær drift frå 1 januar 2026. Alfred Bjørlo startar i stillinga i ein mindre stillingsprosent frå 1. november 2025, og for fullt frå nyttår.

Firda kjem tilbake med meir.