Gjett om eg blei forbanna. Gratis ferjer og sletting av studiegjeld låg ikkje inne som avtalt i første runde av statsbudsjettet. Vi gjekk på trynet.

Tilbakemeldinga frå våre eigne lokale partimedlemmer var krystallklar: Desse to sakene er det Arbeidarpartiet som skal levere, og det må vi gjere no.

Vi mobiliserte. Frå Sogn og Fjordane tok eg med alt frå nye medlemmer til etablerte ordførarar. Arbeidet gjekk i ufiltrerte telefonar og møter. Som person har eg meir enn nok av både feil og manglar, men eg seier det eg meiner.

Vi kødda det til. Då er det avgjerande at vi erkjenner feilen, og rydda opp.

Eg er lei meg for den siste veka. Det var både seigt og unødvendig. Tillit er sårbart. Eg skal jobbe hardt for å vere den verdig.

Samstundes er eg takknemleg for alle våre lokale medlemmer og folkevalde i Arbeidarpartiet som har stått med meg i arbeidet.

På tysdag fekk grasrota i partiet vårt gjennomslag for både ferjene og sletting av studiegjeld.

Vi sa vi skulle gjennomføre.

Det her skal Arbeidarpartiet levere.