På reise i andre byar, har eg ein fiffig metode. Jada, eg vedgår gjerne at det er litt nerdete.

For å verta litt klokare på korleis dynamikkane i byen eigentleg fungerer, leitar eg etter spor etter dei lokale fotballaga i bybildet.

Korleis ein by dyrkar fotballklubbane sine fortel nemleg ofte det turistbrosjyrane ikkje bryr seg om.

Fotballklubbane er nemleg ofte eit konsentrat av både identitet og motsetnadar i ein by.

I byar med fleire fotballag, fortel relasjonen mellom klubbane ofte ei forenkla historie om sosiale og kulturelle skiljelinjer i byane.

I byar med eitt dominerande fotballag, fortel som regel dyrkinga av fotballklubben alt om korleis byen ønsker å framstå.

Nyleg var eg i Göteborg for å sjå Brann spela mot Häcken i kvalifisering til Champions League. Turen var ikkje berre vellykka fordi Brann skaffa seg eit godt utgangspunkt før returkampen, men òg fordi eg fekk eit interessant innblikk i identitet og kultur, gjennom møtet med resten av fotballkulturen i byen.

I motsetnad til Bergen, er Göteborg ein by med splitta fotballidentitet, ja splitta identitet.

Sjølv om det er småklubben Häcken som representerer byen i Europa denne sesongen, er det heilt andre klubbar som markerer seg i bybildet i den svenske nummer to-byen.

Aller mest dei to tradisjonelle arbeidarklasseklubbane i byen.

Den eine av desse er streite IFK Göteborg, som har ein stor supporterbutikk ved Ullevi midt i byen. Her er det lite som minner om møkkete arbeidarklasse. Klubben som gjorde enorm suksess og vann to europacup-pokalar på 80-talet, ser ut som ein reinkarnasjon av ryktet Göteborg prøver å skaffa seg som ein stor europeisk eventby.

Her er det god stemning, mysig svensk sommardag, og politisk korrektheit som rår. Profileringa av klubben minner om den kommersielle, men effektive måten Göteborg ønsker å framstå som by.

Hjå IFK Göteborg er det reine linjer og fint lite som er eigna til å provosera.

Klubben som gjev det sterkaste inntrykket er likevel den andre arbeidarklasseklubben i byen. I ei trong bygate finn me nemleg ei sjappe som like godt kunne vore ein platebutikk, ei tatoveringssjappe, eller ein barbershop retta mot hipstermarknaden.

Dette er tilhaldsstaden til underdogen GAIS. Dette er undergrunnsklubben i byen. Klubben til Håkan Hellström. Klubben til dei slitne slitarane. Klubben som har gjort det langt betre som sosial markør enn som fotballklubb dei siste tiåra.

Butikken til klubben er vel så mykje ein møteplass, og liknar meir på ei slik sjappe der du finn band-t-skjorter, som ein fotballbutikk. Her har alt eit uavhengig preg, og til og med klubbtrøyene vert i stor grad selt utan reklame.

Butikken til GAIS minnar meir om ein butikk for undergrunnsmusikk enn ein fotballbutikk.

Me skal komma tilbake til dette.

Göteborg har òg ein overklasseklubb. Den heiter Örgryte og spelar på langt meir eksklusive strenger, sjølv om klubben spelar på nivå to. Den klubben som er minst synleg i bybildet er «nykommaren» Häcken som møter Brann.

Konklusjon av det kulturelle feltarbeid: Göteborg er ein by der klasseskilja har vore tydelege, og der arbeidarklassen har vore ein blanding av det streite svenske, og det meir urbane og undergrunnsprega.

Alle dei fire klubbane i byen har butikkar som er opne utover på kampdagar, og som på ulikt vis reflekterer kva klubbane står for.

Kva er det så som møter tilreisande i det ein skulle tru var den mest kokande fotballbyen i Norden? Bergen, så klart.

Med eit bittelite sjarmerande unntak skulle ein, basert på det ein møter i Bergen sentrum, tru at Bergen var ein by som ikkje kunne brydd seg mindre om fotballaget sitt.

Me er inne i den kanskje viktigaste fotballveka i sesongen for Brann. Herrane skal sikra ligaspel i Europa, kvinnene skal sikra avstanden til gulljagande rivalar frå aust i Oslo. Fint lite vitnar om kok eller engasjement i sentrum.

Faktisk. Basert på sortimentet av fotballdrakter som er å få kjøpt i Bergen sentrum, skulle ein tru at Mohamed Salah og Erling Braut Haaland konkurrerte om å vera den største fotballstjerna i byen.

Ut over at det finst eit mylder av Brann-klistremerke på lyktestolpar og byromsmøblar, og ein og annan frisør har hengt opp ei gammal Brann-drakt på veggen, er det ingen ting som tyder på at me er i ein by som bryr seg særleg mykje om eit lokalt fotballag.

Dei på ferie eller jobbreise som kunne tenka seg å kjøpa med seg ei fotballtrøye som suvenir, ja det er ganske utbreidd det, vil ikkje finna ei einaste ny Brann-drakt i nokon butikk i byen.

Ved Torshov Sport i Bergen sentrum sel dei det meste av fotballdrakter, men dei har ikkje lov til å selja Brann-draftet.

– I fjor selde me 1500 norske landslagsdrakter til turistar. Dei aller fleste ville eigentleg ha var Brann-drakt. Turistane synst dette er veldig rart, seier butikksjef Andre Gullord til BA.

Umulig å få kjøpt Brann-drakter i Bergen sentrum. Butikksjef Andre Gullord hos Torshov Sport i Bergen fortviler.

Sidan Brann har avtale med konkurrenten, som ikkje har fysisk butikk i Bergen sentrum, får ikkje Andre Gullord og Torshov Sport selja Brann-drakter. Etterspørselen er stor. Særleg blant turistar.
Foto: RUNE JOHANSEN

Eg kan faktisk ikkje hugsa å ha vore i ein europeisk by der det lokale fotballaget og fotballdraktene deira er meir fråverande i byen.

Målt mot det reelle engasjementet i byen, burde Bergen ha minna meir om Napoli. Det er ein by som det er klin umogleg å besøka utan å ha funne ut at religionen er lyseblå og guden heiter Diego Maradona.

Parallellen i Norge er heilt openberr. Ja! Brann og Kniksen, sjølvsagt.

Men du kan trygt besøka Bergen utan å få med deg at Kniksen, Signe Gaupset eller Fredrik Pallesen Knudsen regjerer i denne byen.

Jau då. Om du er ekstremt spesielt interessert, kan du kanskje ha funne ut at Brann-butikken på Stadion heldt ope nokre minutt før og etter kampslutt.

Det er likevel ganske spinkelt for ein klubb som hevdar at byen er Bergen og laget er Brann, og marknadsfører seg med at byen er laget, og Bergen er Brann.

Det er heller ikkje heilt opplagt at det er Sportsklubben Brann som treng å etablera seg på gateplan i Bergen sentrum.

Historia har nemleg lært oss at Brann kan drita skikkeleg på draget når klubben driv med ting dei ikkje har kompetanse på. Då gullrusen etter 2007, allereie året etter vart omgjort til ein real nedtur, brann Brann inne med eit varelager på over 16 millionar kroner, fordi dei hadde tatt stor risiko og feilvurdert marknaden etter Brann-produkt.

Den gongen hadde Brann to butikkar opne for publikum. Klubben tok tæring etter næring, og slutta med slikt.

Brann Brannbutikken

I fleire periodar har Sportsklubben Brann vore synlege i Bergen Sentrum. Slik såg det ut i 2014.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

No har Brann ein utstyrsleverandør som har fått monopol på å selja Brann-drakter. På dagleg basis betyr det utelukkande netthandel.

Bergen kan likevel ikkje vera kjent av å vera ein by der den største folkelege lidenskapen til dagleg er totalt usynleg.

Kanskje kan ein henta inspirasjon i Göteborg? Bula til GAIS eksisterer ikkje for å gje klubben størst mogelege inntekter. Truleg er det ei heller marginal kommersiell greie dei driv med. Dei som står bak disken, jobbar nemleg i stor grad frivillig. Fordi dei er supporterar, og er opptekne av at klubben skal ha ein møteplass i bykjernen.

Det pregar òg butikken.

Hadde du ikkje visst betre, ville du aldri tenkt at GAIS hadde noko med fotball å gjera.

Fordi fotballklubben i deira auge er noko langt meir enn ein fotballklubb.

Eg var inne på at det òg i Bergen finst eit lite heiderleg unntak. I Gågaten har nokre glade entusiastar ei god stund drive Fotballdraktbutikken. Ein bruktbutikk for gamle fotballdrakter frå alle tenkelege krikar og krokar i verda.

Ja. Den vesle butikken i Gågaten er den einaste plassen i sentrum der du kan finna deg ei Brann-drakt. Sjansen er større for å finna ei 20 år gammal drakt enn ei ny ei. Og, ja. Me snakkar eigentleg ein antikvitetsbutikk for dei som verkeleg bryr seg.

Fotballdrakt-trenden har gått som en farsott gjennom Bergen. I Italia går en mann rundt med en Minde IL-trøye. 

Bergensere leverer inn drakter fra gamle barndomsklubber til fotballdraktbutikken Fdb. 343 i gågaten.

Bak butikken står bergenserne Sindre Lundberg og Joakim Neergård. De greide ikke helt bestemme seg for hvilken lokaldrakt som skulle på for bildet. Lundberg trer på seg sin gamle Minde-trøye.

Sindre Lundberg og Joakim Neergård er ditt einaste håp om du vil kjøpa deg ei Brann-drakt i Bergen på ein vanleg dag. Dei to entusiastane har drakter frå alle verdshjørner.
Foto: Truls Skram Lerø

Uavhengig av fotball, er butikken eit av dei friskaste og mest uavhengige tilskota til det bergenske bybildet på lenge.

Om Brann skulle ein tru at langt fleire brydde seg. Det er på tide at Bergen i større grad greier å reflektera at byen er ein fotballby utanom det vanlege.

Mykje tyder på at både klubben, supporterane, og kanskje òg næringslivet må engasjera seg.

No ser Bergen nemleg ut som ein uvanleg daud fotballby.