Det er mange år sidan eg blei lei av Battle Royale, men eg må innrømme at det framleis kan vere sabla moro i ny og ne.
Du kjenner igjen augeblikka med ein gong.
Universelle Battle Royale-opplevingar som når lagkameratane dine skrik i munnane på kvarandre om å bli gjenoppliva, eksplosjonane og kulene regner rundt deg, fiendane kjem frå alle kantar og sveitten teppelegg handflata, og du berre må pause for å smile litt til deg sjølv.
Når du ved rein flaks treff hovudskotet med skarpskyttarrifle på 400 meter og slepp ut eit skrik i eit såpass lyst toneleie at kompisen din kjem med ein slibrig kommentar, eller når du spring hjelpelaust rundt på leit etter eit våpen og er sekundet unna å mose knyttneven gjennom skjermen når du blir skoten av ein kar som har med seg halve arsenalet til den russiske hær.
Det er Battle Royale-gull. Og dette byr dagsferske Redsec på rikelege mengder av.
Engasjerande kampar
Dei siste vekene har eg storkost meg med å plaffe ned fiendar i Battlefield 6.
Kampsystemet er eit av dei beste eg har vore borti i eit skytespel dei siste åra, og skytekjensla med både skarpskyttarrifler, maskinpistolar, hagler og rifler sit som, vel, skot.
I kveld lanserte utviklarane gratismodusen Redsec (også som eit separat spel), og eg måtte sjølvsagt slenge meg ut av helikopteret med både ein og tre lagkameratar.
Som ein ofte gjer i Battle Royale.
Det å lande, ikkje finne våpen og å bli omringa av fiendar er ein irriterande, men også morosam klassikar i Battle Royale.
Det er ikkje all verda med nyvinningar å spore i Redsec, men det er først og fremst enkel og underhaldande skytemoro – som blir endå betre med nokre kompisar med på slep.
Her ventar hektiske kampar, tilfredsstillande og solide skytemekanismar og ein heil del løping og utstyrsleiting.
Justerer på klassane
Du har spelt dette før. Det er noko veldig Warzone-aktig over Redsec, men tempoet er kanskje hakket lågare.
Det er ikkje heilt den klassiske kvasirealistiske Battlefield-opplevinga, utan at det er særleg overraskande. For det er jo heller ikkje Battlefield 6 elles.
Ein eldstorm pressar fiendane lengre og lengre mot midten slagmarka, om i heller labert tempo. Det blir litt dødtid mellom slaga, men det forholdsvis vesle kartet gjer at du får nok av action mot slutten av rundane.

Potensialet for å briljere mot fiendane er stort – når kampsystemet fungerer. Litt nettkodetrøbbel er det. Og forvent å sjå soldatar med maskinpistol suse kneståande rundt hjørna i Call of Duty-stil.
Mikkjell Lønning
Spelet gir deg dei same klassane som i vanleg Battlefield. Dei har rett nok fått eit par ekstra eigenskapar for å passe Redsec.
Dei ulike teknologiske dingsane til kvar klasse er endå viktigare her, der for eksempel Recon-klassen si drone kan bety forskjellen mellom liv og død når fiendane snik seg innpå laget ditt.
Support-klassen sin røykgranatkastar og utstyrsbag er alltid nyttig, mens ingeniørklassen er uvurderleg dersom ein kjem borti eit helikopter eller ein tanks.
Kongen på haugen
Ved å gjere ulike oppdrag rundt på karta kan du få både betre våpen, kevlarplater, dingsar, flyangrep og UAV-dronar.
Det store høgdepunktet er når ein finn nøkkelkort til dei mange innlåste tanksane rundt på kartet.

Assault-klassen hjelper lagkameratar med å løyse oppdrag raskare.
Mikkjell Lønning
Spesielt i duo-modusen føler ein seg som høvdingar på kartet der ein meier ned veggar, tre og bygningar med tanksen.
Slik sett er den rette kombinasjonen av klassar viktig frå start, med mindre ein er god nok til å plaffe ned alt av motstand uansett kva ein speler.

Extraction-shooter-sjangeren er så vidt representert i eit par oppdrag. Det er stort sett tamme greier.
Mikkjell Lønning
Dei kunne gjort dette til ein rein infanteristmodus, så eg er glad for at dei held på noko av Battlefield-særpreget for å skilje det frå Warzone.
Eg er mindre begeistra for sjølve oppdraga. Dei er i praksis identiske med det konkurrentane gjer – og dei er stort sett dørgande keisame. Spelet burde heller insentivisert kampar mot andre spelarar.
Eit fiffig triks er oppgraderingspakkar for våpen. Her kan du velje kva type oppgraderingar du treng.
Først og fremst gratis moro
Eg har berre klokka inn rundt fire timar i Redsec, og det er vanskeleg å setje så mange strekar under svaret mitt heilt enno.
Foreløpig er det gøy. Det er kanskje det viktigaste.
Skytespel med kompisar er ein fin kur mot stadig mørkare og kaldare dagar, og eg gleder meg til å samle den faste skytespelgjengen til nokre gode økter i helgene framover.
Det er ikkje spesielt nyskapande, men det betyr kanskje ikkje så mykje. Spelet er gratis, Battlefield 6 er framleis enormt populært og det er underhaldande nok.
Det held for meg i denne omgang.