Eg har sagt mykje av dette før, men eg kan seie det ein gong til:

Viss fleirtalet i Kinn kommunestyre la ned Raudeberg og Krokane fordi ein trudde at innsparingane i skule skulle kome frå reduksjon i overkapasitet og areal, så har dei tatt avgjerda på feil grunnlag.

Kommunedirektøren seier at han ikkje ser føre seg at klassestorleiken vil endre seg sjølv om ein legg ned skular, men det festar eg ikkje lit til, gitt tidlegare offentlege uttaler han har kome med til fordel for innsparing med store klassar og det enorme innsparingspresset ein vert møtt med, spesielt etter at kostnader ved rehabilitering og utviding av Florø Barneskole vart dobla til mellom 210 og 260 millionar. Andre realistiske måtar å spare inn desse summane har vi ikkje fått noko informasjon om. Det handlar om å få klassane så nært opp mot 30 elevar som mogleg.

Store pengar. Titalls millionar i året. 35 stillingar med snitt på 600 tusen er 20 millionar i året.

Det er det same prinsippet som låg bak kommunedirektøren sitt ynskje om Skram som ein 400-elevars skule i Måløy. Noko som han var ganske tydeleg på.

Innsparing i form av store klassar og færre lærarar. Kommunedirektøren har ymta om dette tidlegare, Norconsult har sagt det ope.

Det er difor mange i fleirtalet tidlegare stemte for ein Skram-skule på 250 elevar i staden. Ikkje fordi ein var dumme, økonomisk uansvarlege eller for feige til å ta eit val.

Ein tok eit
verdival om at ein ville ha ein skule med ein mest mogeleg ideell klassestorleik (kring 20 elevar, ikkje 30 ) og større lærartettleik. Sjølv om det kostar meir.

Ved å velje ein skule i Måløy på 250 elevar så gjorde ein det mykje vanskelegare å presse fram at ein skulle ha maksstorleik på klassar og færrast mogeleg lærarar. Av og til må ein gjere det slik.

Med valet som fleirtalet gjorde i kommunestyret førre veke, så sikra ein at ein får ein Florø Barneskole der klassane vil pressast så nært opp i maks på 30 som mogeleg (gitt at ein får oppgradert ventilasjonssystemet til at det vert lovleg) og får redusert talet på lærarar til eit lovfesta minimum.

Slik eg ser det, så vil dette vedtaket uunngåeleg føre til at ein ikkje kan hindre at Brandsøy òg leggast ned om få år fordi den vil framstå som for ulønsam per elev i forhold til stordrift ved Florø Barneskole.

Den stemma som vart avlagt, spesielt i forhold til Krokane skule, handla ikkje berre om økonomiske prioriteringar, det handla om eit verdival om kva skule ein ynskjer.

Fleirtalet stemte for sentralisering, for maks skulestorleik og låg lærartettleik slik at ein kan spare masse, masse pengar. Ikkje til «barnas beste» men for å få meir pengar til signalbygg og liknande, vil eg tru.

Ein ville ikkje ha «ostehøvelkutt» i oppvekstsektoren, så ein gjekk inn med motorsag og saga ned til rota i staden.

Det er òg eit verdival.

Eg skulle berre ynskje at dei som stemte for nedlegginga faktisk vedkjente seg det verdivalet dei tok, i staden for å messe på uriktige påstandar om at dette handla om å eliminere overkapasitet og redusere areal, for det skjer ikkje. Ikkje med nedlegginga av Krokane. Kvar elevplass og det meste av arealet kjem til ekstra til Florø Barneskole.

Eg såg så mange som stemte for nedlegging av Krokane som mimra med tårer i augene om kor mykje dei elskar den skulen, og kor tungt det var for dei å ta det valet. Det er meir synd på dei, må skjøne, enn det er på dei i kommunestyret som tapte avstemminga og dei foreldre og born som kjem til å miste skulen sin.

Det er synd på dei som legg ned, må vite.

Sjølv om eg har ivra for å oppretthalde desse skulane, så har eg ikkje noko personleg forhold til dei. Ingen varme minner. Ingen tårer felt ved nedlegging i så måte.

Det som eg bryr meg om er at ein gjer val basert på eit faktagrunnlag og at ein er ærleg om kva konsekvensar det har og kvifor ein gjer det. Eg er personleg overtydd om at ein middels klassestorleik og minst middels stor lærartettleik og god bemanning elles er viktig for eit godt læringsmiljø. Såvidt eg veit frå mi lesing så er det solide data til å støtte opp om dette.

Eg opplever ikkje prossessen som vi har gått igjennom som tilstrekkeleg opplysande og ærleg, trass i forsøk på å få det til. Eg opplever at grunnen til desse vala er kun for å auke klassestorleik og kutte talet på lærarar og alt anna av informasjon er forma kring det målet. Derav alle dei misvisande tala om elevkapasitet på skulane og påviste misvisande utrekningar av kostnader.

Alltid, etter eit dramatisk tap i ei kontroversiell sak, så vert det snakka om at ein framleis må ha respekt for sine meiningsmotstandarar. Og i prinsippet er eg einig.

Men eg kan ikkje ha respekt for eit fleirtal som ikkje torer å vere ærlege mot veljarane og med seg sjølve om at alle innsparingane ved dette vedtaket kjem frå å kutte drastisk i talet på lærarar i Kinn-skulen.