Tatsuki Fujimoto sin manga «Chainsaw Man» er blant mine personlege favorittar.

Det er kanskje den ultimate forteljinga om å vere ung, dum og kåt i ei verd som er ute etter å sluke deg levande, fortald med ein spenstig kombinasjon av hypervald og absurd humor.

En animert figur med flere motorsager på kroppen.

STORMAUGET: Det finst ikkje fred å få når du er ein motorsagmann.

Foto: SF Norge

Av den grunn var det ikkje utan forventningar eg gjekk inn i «Chainsaw Man – The Move: Reze Arc», som bringar ei av mangaen sine mest minneverdige historier til lerretet.

Eg blei blåst av banen. Dette er animert action i toppklasse – eit spektakulært ritt gjennom kjærleik og blodsprut.

Sagaen om motorsaga

Denji (Kikunosuke Toya) er ein ung mann som nyleg fekk evna til å bli ein mektig motorsag­hybrid.

Av den grunn blei han rekruttert til sikkerheits­tenesta som tar seg av djevlar, skapningar som oppstår av menneskeleg frykt.

Etter ein barndom i fattigdom er han smørglad for å ha ein plass der han får ete kvar dag, trass i at jobben krev at han konstant risikerer livet.

Samtidig som han begynner å bli vant med det livet han lev, treffer han tilfeldigvis Reze (Reina Ueda), ei jente på hans alder.

Dei to finn fort tonen. Ho ler av vitsane hans og inviterer han med på ting. Samstundes verkar liva deira uuthaldeleg langt frå kvarandre. Og medan stadig nye farar lurar, må Denji ta eit val om korleis han vil leve framover.

En animert person rir på en hai.

HOPLA!: Denji rir haien Beam inn i kamp.

Foto: SF Norge

Det som følgjer er ei eksplosiv blanding av tenårings­kjærleik, hjartets kvalar og stilreint blodbad.

Mjuk og hard

Denji er den typen hovudperson som ein nesten får vondt av.

Han snakkar før han tenker og hadde gjort det meste for ei vakker dame. Det er samstundes det som gjer meg så glad i han.

Etter ein barndom utan vaksne å stole på, har han ikkje hatt tid å lære seg å vere eit vanleg menneske før han blei eit ekstra­ordinært eit.

Forholdet til Reze blir ein av dei einaste tinga i Denji sitt liv som kan kallast normalt, og det ligg ein nydeleg sårheit i det.

Stemme­skodespelet er proppa av kjensler, og eg blei spesielt sjarmert av Reina Ueda sin leikne energi og varme som Reze.

Som ein fan frå før, er det også ei glede å endeleg få sjå ein del av desse karakterane animert. Blant anna Beam (Natsuki Hanae), ein hyper haimann som eg har mykje kjærleik for.

Eg kan snakke lenge om kvifor eg er så glad i alle desse karakterane, men då kan ein jo nesten gløyme å snakke om actionen.

Det hadde vore dumt: «Chainsaw Man – The Movie: Reze Arc» er nemleg ein spektakulær fryd for det valdsglade auget.

En animert figur peker

BANG: Bombedjevelen kjem til Tokyo med eit smell.

Foto: SF Norge

Det kjennest som fyrverkeria på nyttårsaftan då eg var liten.

Etter kvart smell og lysglimt tenker ein at no må det vel ha toppa seg, men så freser det til i motorsaga igjen.

Animasjonen er rein, stilig og hard­treffande. Han blomstrar i stadig nye formar og fargar.

Når ein først er inne i actionen, er det så vidt plass å puste mellom slaga, men det gir også meir kraft til dei stille scenene. Roa før den bokstavlege stormen.

Best for fansen

Kan ein hoppe rett inn her?

Sjølv om det er nok av ting å nyte uavhengig av kjennskap til serien, vil eg anbefale å plukke opp enten mangaen eller animen på førehand om ein er interessert.

Animeserien er blitt klippa saman til to filmar i forkant av «Reze Arc», så ein treng ikkje meir enn ein kveld eller to for å vere klar.

Om ein allereie liker serien, er det ingen tvil: Dette er ein av dei filmane ein bør få med seg på kinolerretet.

«Chainsaw Man» som heilskap er ein eksentrisk energi­injeksjon, samstundes som det er ei menneskeleg forteljing om folk som gjer sitt beste under utolelege omstende.

Med «Chainsaw Man – The Movie: Reze Arc» har regissør Tatsuya Yoshihara og animasjons­studioet MAPPA overført desse kvalitetane til storformat med nydeleg presisjon.

Eg er målgruppa her, og eg fekk akkurat det eg ville ha.

Om filmen

Kinoplakat for Chainsaw Man - The Movie: Reze Arc

Foto: SF Norge

Tittel: «Chainsaw Man – The Movie: Reze Arc»

Regi: Tatsuya Yoshihara

Skode­spelarar: Kikunosuke Toya, Reina Ueda, Fairouz Ai, Natsuki Hanae og Tomori Kusunoki

Distributør: SF Norge

Sjanger: Anime / Action

Lengde: 1 time og 40minutter

Aldersgrense: 15 år

Kinopremiere: 29. oktober 2025

Hei!

Eg er frilansar som skriv om film og seriar for NRK.

Publisert

30.10.2025, kl. 14.34