Både i Ørsta og Volda står dei folkevalde framfor særs ubehagelege val dei neste vekene. Dei må bu seg på å møte opprørsstemning frå delar av befolkninga.

Om institusjonane på bygdene mister kjøkenet, skular vert lagt ned og heimehjelp vert sentralisert og barnehagar drivne på eit minimum av lova – så er det dei folkevalde som i stor grad vert skyteskive.

Og til venstre for dei sit no sjølvaste staten, i form av statsforvaltar Else-May Botten og Rigmor Brøste, med strenge blikk og gulrøter for å slå seg saman til større einingar.

Dette er verkelegheita før ørstapolitikarane får lagt forslag til budsjett føre seg på tysdag. Første runde kjem i formannskapet 11. november, og hausten blir ein febrilsk kamp for å unngå å bli sett under statleg administrasjon.

I Volda er bråket allereie i gang, med forslag om å legge ned Dalsfjord skule og ungdomstrinnet på Folkestad, pluss ein rekke smertefulle kutt innan helse og omsorg og barnehagesektoren, for å nemne noko.

Situasjonen er veldig lik i dei to kommunane våre.

Det hjelper lite å skulde på tidlegare politikarar sin hang til å dra på seg gjeld. Ansvaret ligg tungt på dei som no er vald inn i styre og stell. Det er berre å rette opp ryggen og tole det som kjem av protestar og konsekvensar.

Statsforvaltaren: – De må ta ansvaret

Det viktigaste no er å vere ueinige på ein sivilisert og rasjonell måte. Eit ope og transparent samfunn der ein i lag kjem fram til best moglege løysingar, er utruleg viktig. Alle må bli høyrd, og det er vesentleg at ein bak talrekkene og reknestykka ser menneska.

Av respekt for dei som i framtida må lide av kuttpolitikken, må prosessane vere gode og debatten så open og gjennomsiktig som mogleg. Der spelar òg lokalavisa ei rolle, vi må dekke dette objektivt og spegle budsjettprosessane så godt som vi berre klarer.

– Vi er veldig sjokkerte, sinte og triste