Ein feil i eit system førte til at 1800 tilsette i Helse Møre og Romsdal har mista tilgang til å logge på kjernejournal, signere sjukemeldingar og e-resept.

– Det skapar sjølvsagt utfordringar at ein ikkje får gjort jobben sin, utan journalsystem kjem ein ikkje langt, seier Igor Jokic, tillitsvalt for overlegane i Helse Møre og Romsdal.

– Det er ein alvorleg feil, spesielt med tanke på at folk skal på jobb og ikkje har tilgang på journalsystemet, seier han.

Han understrekar at dei klarar å handtere det som er svært akutt.

en mann med en i kvite legeklede tar seg oppgitt til ansiktet framfor eit sjukehusbygg.

Igor Jokic understrekar at dei skal klare dei mest akutte tilfella.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jokic seier til NRK at sjukehuset i Ålesund har gitt beskjed om at dei held Servicetorget opent gjennom heile helga for å hjelpe tilsette til å få nytt id-kort.

– Oppgitt

Dei tilsette kan logge seg på Helseplattforma med BankID, men utan tilgang til kjernejournal, signere sjukemeldingar og e-resept.

– Feilen vil ikkje få konsekvensar for pasientbehandlinga, bedyrar medisinsk e-helsesjef Henrik Erdal i Helse MR.

Han skriv at dei jobbar med å løyse feilen, og at dei tilsette får informasjon om korleis dei skal handtere situasjonen.

– Dette er sjølvsagt svært uheldig, men vi må vise vidare til Hemit som driftar det tekniske, seier Erdal.

Rachel DilleAmdam sitter vendt mot en dobbel dataskjerm. På skjermen ser man litt av hvordan Helseplattformen ser ut. DilleAmdam er ufokusert i bildet.

1422 tilsette ved Ålesund sjukehus mista tilgangen, 264 i Molde og Kristiansund og 150 i Volda.

Foto: Morten Waagø

– Beklagar det ekstra bryet

– Vi beklagar det som har skjedd og den ekstra bryet som dette skaper for tilsette i Helse Møre og Romsdal, seier kommunikasjonssjef Nina Kotte i Hemit

Hemit er teknologiforetaket som driv IKT-systema for sjukehusa i Trøndelag og Møre og Romsdal. Kotte seier dei har sitte i møte med beredskapsleiinga og Helse Midt-Noreg i ettermiddag for å handtere saka, etter at dei oppdaga feilen fredag morgon.

– Kva gjer de for at det ikkje skal skje igjen?

– Vi går gjennom rutinane våre for å sirke at det ikkje kan skje igjen.

Ho seier ein teknisk feil gjorde at tilgangen for 1800 tilsette blei sletta. Kotte seier ho ikkje kan uttale seg om det er menneskeleg svikt som er bakgrunnen for feilen.

Som følgje av feilen må dei 1800 tilsette få nye tilgangskort. For å få nytt kort må tilsette ta med pass eller nasjonalt ID-kort på jobb.

1800 mista tilgangen

Foto: Tipser / NRK

Publisert

31.10.2025, kl. 18.46

Oppdatert

31.10.2025, kl. 20.09