EBML vann den prestisjetunge underhaldningskonkurransen for 22. gong, av i alt 42, og er det klart mestvinnande korpset.
I elitedivisjonen var dei første korps i aksjon på konsertscena i Stavanger.
– Korpset var svært fornøgde med framføringa, og vi er veldig glad for at det heldt til ein ny siger, EBML-nestor Viggo Bjørge.
Ny reise til utlandet
Med denne sigeren er korpset nok ein gong kvalifisert til Brass in Concert Championships i England, ein prestisjetung konkurranse der nokre av dei fremste korpsa internasjonalt er med, i tillegg til dei britiske.
– Musikantane leverer gong på gong både i konkurransar og på konsertar, God kultur over tid gir stabilitet på scena, sjølv når det kjem nye musikantar inn i korpset, seier Rydland.
Han seier tusen takk til dirigent Reid Gilje, som også har leia arbeidet i det kreative teamet saman med Frederick Schjelderup. Martin Winter og Magnus Brandseth.
Rydland fortel at neste sjanse til å høyra korpset blir i Korskirken 23. november med orkesterdirigenten Nils Erik Måseidvåg.

Les også
Idrettslag og korps samarbeider om utviklingsplanar til 80 millionar
Manger på 4. plass
Årets norgesmeister Manger Musikklag kom på 4. plass i Siddis Brass, bak Kleppe Musikklag (som fekk underhaldningsprisen) og Tertnes Brass.
MML skal neste år forsvara dei norske fargane i europameisterskapet.
I alt sju korps frå Alver var med i Siddis Brass i helga. I 1. divisjon leverte Radøy Brass ein god innsats og kom på 6. plass.
I 2. divisjon kom Manger Old Star Brass på 12. plass, med Oster Brass og Lindås Brass på plassane bak. Seim Musikklag kom på 7. plass i 3. divisjon.
Resultat elitedivisjon