Det viser tal frå Huseiernes Landsforbund. I Sogndal hamnar naudsynte årlege buutgifter på 209 636 kroner. Dette er ein auke på 7,1 prosent frå 2024.
Sunnfjord er den nest dyraste kommunen med 191 279 kroner. Lågaste bukostnader er det i Fjaler kommune med 150 480 kroner, skriv forbundet i ei pressemelding.
– Det har blitt veldig dyrt å eige og ta vare på eigen bustad. Vanlege bustadeigarar er opptekne av tryggleik og føreseielegheit, men på landsbasis har bukostnadene meir enn dobla seg dei siste ti åra, skriv distriktsleiar for Huseiernes Landsforbund i Sogn og Fjordane, Jan Erik Mardal.
– Alvorleg utvikling
I år brukar ein vanleg familie 32 prosent av inntekta etter skatt til å dekkja bustadutgifter. Det viser ferske tal frå den årlege Bokostnadsindeksen frå forbrukarorganisasjonen Huseiernes, utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse. Til samanlikning var delen 22 prosent i 2020. Det betyr at kostnader som renter og kommunale avgifter et ein stadig større del av løna.
Distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes seier mange hushald ikkje kjenner seg att i bodskapen frå politikarar og økonomiekspertar om at me har fått betre råd:
– Det er alvorleg at ein aukande del av løna går med til å betala for bustadutgifter ein ikkje kan velja bort. Dersom denne utviklinga held fram, risikerer me at mange ikkje lenger har råd til å eige og ta vare på sin eigen heim, seier Mardal.
Ein tredel av inntekta på å bu
Trass i venta lønsvekst vil norske hushald bruke om lag 30 prosent av inntekta etter skatt på bukostnader dei komande åra, ifølgje prognosane.
– Me fryktar at mange politikarar ikkje har eit medvite forhold til kva det faktisk kostar i kroner og øre å eiga sin eigen heim i Noreg i 2025. Det aukar risikoen for at skatte- og avgiftspolitikken blir utforma og treff feil. Det uroar oss, seier Mardal.
Bukostnadsindeksen inkluderer rentekostnader, kommunale gebyr, energikostnadar, forsikring, eigedomsskatt og vedlikehaldskostnadar.
I Sogn er det Luster kommune som er nest dyrast å bu i. Under kan du sjekka kva bukostnadane er i dei andre kommunane i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.